Tidligere arrangementer

← tilbake til «kva skjer»

2.
juli
18:00

Turisme i gamle Sunnfjord // Mary Ann Menes fortel

Sommarsesongen er i gong, og vi ønskjer velkomne til eit historisk tilbakeblikk på turismen i gamle Sunnfjord. Mary Ann Menes frå Norsk Reiselivsmuseum tek oss med på ei reise gjennom reiseruter, overnattingsstader og kjøpesterke gjester frå 1800-talet.

1.
juli
11:00 – 16:00

Opning av forteljeløype for born i Jakob Sande-tunet

Tysdag 1. juli opnar våre sommarvertar ei forteljeløype, ein natursti, for born i Jakob Sande-tunet.

27.
juni
20:00 – 00:00

Musikk ved Ola Tennes og open mikrofon i Løa

Bli med på ein kjekk sommarkveld i Løa med musikk ved Ola Tennes. Ola er visesongar med base på Sandane, og kjem til Løa i Klokkargarden for å spele og synge for oss. Mikrofonen er open for deg òg!

24. - 7.
juni
13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen. Sommarvertane held omvising tysdag - fredag kl. 13 frå 24. juni til 07. august.

20.
juni
19:00

Jonsokfeiring i Klokkargarden

Jakob Sandesenteret og Dale ungdomslag inviterer til Jonsokfeiring i Klokkargarden.

20.
juni
18:00 – 19:00

Menneska rundt bålet – ein prolog til feiringa av Jonsok ved Demian Vitanza

Bålet har vore den viktigaste samlingsplassen gjennom heile mennesket si historie. Var du klar over at både hjernen og døgnrytmen vår har tilpassa seg elden, og at dette heng saman med trongen vår til å dele historier? Og visste du at dagens eldsritual, som å tenne julelys eller jonsokbål, har røter heilt tilbake til bronsealderen?

20.
juni
15:00

På sporet av Nikka Vonens hage på Steia Gard

Hagen til Nikka Vonen, knytt til pikeskolen på Steia Gard, var vakkert opparbeida med stiar, lysthus, blomar og tre. No er hagen endra, men spora etter det som ein gong var, finst framleis. I denne bolken inviterer vi til vandring, samtale og refleksjon om hagen si historie og mogleg framtid.

20.
juni
13:00

Filosofisk kafè

Velkomen til filosofisk kafé fredag 20. juni kl. 13! Årets akademi-filosof, Pedro Vincent Dias Bergheim, leier oss gjennom ein filosofisk kafè med tema "Sinnsro". Her får du høve til, i samspel med fleire, å stoppe opp, tenkje grundigare og utforske kva det vil seie å skape rom for ro og ettertanke i ein travel kvardag.

20.
juni
10:00 – 13:00

Kurs i improvisasjon – å finne historia her og no

Kurs i improvisasjon med Veslemøy Mørkrid. Kurset handlar om å finne historia her og no. Deltakarane vil lære teknikkar som handlar om å vere komfortabel med å feile, ta konkrete val, seie ja og byggje vidare på vala ein har tatt. Kursdeltakarane vil også få arbeide med enkle dramaturgiske strukturar for å skape ei heilskapleg forteljing i augneblinken.

20.
juni
09:00

Ord for dagen ved Gunnstein Akselberg

Gunnstein Akselberg set stemning og retning for dagen i Gamle skulehuset med «Gå som guten – Ord for dagen». Han fortel om Jakob Sande, forteljekunsten sin betydning, og kvifor det første nasjonale senter for forteljekunst ligg i Dale. Gunnstein Akselberg er professor emeritus i nordisk språk ved UiB, namnegranskar og kjend frå Linda Eides språksjov på NRK. Han har vore sentral i oppbygginga av Jakob Sande – senter for forteljekunst og er ein sjølvsagt gjest under Forteljekunstakademiet.

20.
juni
08:00

Frisk morgon med styrkeøkt og fjordbad

Start dagen med ei energisk og oppfriskande økt i badevika saman med Ingvild Espedal. Programmet inneheld ei kort styrkeøkt for å aktivere kroppen, etterfulgt av eit forfriskande morgonbad som løyser opp musklane og gir ein energisk start på dagen.

19.
juni
20:00

Ønskediktet // Ein kveld med dikt som rører oss

Bli med på ein kveld i Løa under Forteljekunstakademiet, der vi deler favorittdikt – med særleg vekt på Jakob Sande sine verk. Inspirert av Hartvig Kirans NRK-program Ønskediktet, hyllar vi dikt som betyr noko for oss. Ta med ditt favorittdikt, eller kom for å lytte og bli inspirert. Alle er velkomne!

19.
juni
16:00

Vandring og markering av UNESCO-statusen med Nikka Vonen og forteljingar

Velkomen til vandring og markering av Fjordkystparken sin UNESCO-status under Forteljekunstakademiet torsdag 19. juni! Møt opp kl. 16 ved tuntreet i Klokkargarden og bli med på ei vandring med felespel, forteljingar og allsong til Brokabakkane. Kor godt kjenner vi eigentleg fjellheimen i Fjaler? Kva har UNESCO-statusen å seie for vårt område? Og kva har vandring til Østenstad med saken å gjere?

19.
juni
14:00

Den immaterielle kulturarven og framtidas forteljarar i museumssektoren

Kven skal føre historia vidare – og korleis? Immateriell kulturarv er levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap som blir overført mellom folk. Denne kunnskapen blir praktisert i dag og ført vidare gjennom kreative uttrykksformer – som handverk, musikk, dans, mattradisjonar, ritual og munnlege forteljingar. Det handlar om meir enn å bevare – det handlar om å halde noko levande. Men i ei verd i stadig endring: korleis sikrar vi at denne arven får leve vidare? Kva rolle spelar formidlarar i musea og ved vitensenter i å bringe denne kunnskapen vidare – og utvikle ho? Og kva betyr det eigentleg å vere ein forteljar i framtida?

19.
juni
10:00 – 13:00

Menneskelege øvingar // Kurs med Demian Vitanza

Kurs med Demian Vitanza under Forteljekunstakademiet i Fjaler. Kurset utforskar korleis skriftlege og munnlege forteljemåtar kan styrkje kvarandre gjennom arbeid med bilete og handling. Deltakarane får konkrete øvingar og filosofiske refleksjonar som munar ut i små anekdotar i både skriftleg og munnleg form. Høver alle.

19. - 20.
juni
10:00 – 13:00

Skrive- og presentasjonsteknikk med Irene Kinunda Afriyie

Korleis sikrar du at bodskapen din treff når du presenterer i eit møte eller held eit viktig innlegg? I dagens konkurranseprega næringsliv er evna til å formidle idear på ein klar, engasjerande og overbevisande måte avgjerande. Dette kurset gir deg konkrete verktøy for å bygge sterke argument, strukturere bodskapen din og presentere med sjølvtillit – slik at du får gjennomslag når det verkeleg gjeld.

19.
juni
09:00 – 09:45

Ord for dagen // Danning i dag - ei filosofisk undersøking

Omgrepet «danning» har eksistert i fleire hundre år og har stadig provosert fram nye og motstridande svar på kva det vil seie å vere eit fullkome menneske. Vi finn ideen om danning i kulturen og politikken verda over, inkludert her i Noreg, der både lovverket og læreplanen slår fast at den norske befolkninga skal dannast. Kva betyr eigentleg danning, og kvifor bryr vi oss? Ver med Pedro i hans filosofiske utforsking av danningomgrepet si historie og korleis det bør forståast i dagens moderne demokrati.

19.
juni
08:00 – 08:45

Morgontur. Kultur- og arktitekturvandring i Dale.

Bli med på ei morgonvandring med kultursjef i Fjaler, Ingeborg Tysnes, og arkitekt Olav Hovland, der vi blir nærare kjend med kulturbygda Dale og arkitekturen i Dale sentrum.

18.
juni
20:00

Tindesportens far William Slingsby og det nære venskapet til Nikka Vonen // Føredrag med Inge Kjell Holme

William Cecil Slingsby er kjent som tindesportens far i Noreg, med bragder som førstebestigninga av Store Skagastølstind i 1876 og omfattande skildringar av norsk fjellsport. Men mindre kjent er hans rolle som døropnar for kvinner i ei tid då fjellsport vart sett på som uforeinleg med deira plass i samfunnet. Gjennom foredraget deler journalist Inge Kjell Holme historia om denne progressive sida ved Slingsby og hans støtte til kvinnelege pionerar som Nikka Vonen og Therese Bertheau.

18.
juni
18:00

Fotballforfattaren frå Bryne les og fortel

Denne veka arrangerer vi akademi i munnleg og skriftleg forteljekunst i Jakob Sande-senteret. Det er i hovudsak programpostar for vaksne og unge vaksne. MEN sidan vi no har besøk av Fotballforfattaren frå Bryne Ørjan Zazzera Johansen, klarar vi ikkje la vere å invitere alle unge fotballentusiastar i bygda til eit spontant program med Ørjan, der han fortel og les.

18.
juni
18:00

Opning av årets sommarutstilling i Bestefarstaua

Velkomen til opning av årets sommarutstilling "Kjære alle heime" i Bestefarstaua. Ei utstilling som omhandlar brev, kommunikasjon då og no. Utstillinga vert opna av Tora hope, fagutviklar i Jakob Sande-senteret. Sommarvert Eliot Losnegard les brev. Gratis inngong - alle er velkomne. Utstillinga vil halde ope kvar dag frå kl.11-16, unnateke måndagar, gjennom heile sommaren.

18.
juni
16:00 – 17:00

«The World as We Know It» - reisebrev frå eit USA i endring

Frå sin norske heimstad i over 20 år, følger den amerikanske fotografen David Zadig nyhendene frå det Trump-styrte heimlandet med uro. Våren 2025 reiser han til Boston for å vitje sin aldrande far, og lagar eit fotografisk reisebrev for Tidsskriftet Jaja. Under Forteljekunstakademiet fortel og syner han bilete frå reisa til eit USA i endring.

18.
juni
15:00 – 15:50

Brautometeret. Danning då og no. Samtale mellom Arne Osland og Ørjan Zazzera Johansen

Ørjan Zazzera Johansen og Arne Osland utforskar korleis forteljingane om fotballstjerna Erling Braut Håland kan kaste nytt lys over Arne Garborgs Daniel Braut i Bondestudentar. Dei diskuterer korleis ein kan vekkje interessa for ein ung bondestudent ved å dra parallellar til dagens ungdomsheltar, og reflekterer over verdien av moderne biografiar.

18.
juni
13:00

Opning og ord ved Leif Jarle Espedal

Som opning av sommarsesongen og årets forteljekunstakademi vil ordførar i Fjaler, Leif Jarle Espedal, fortelje ved Nikka Vonens minnestøtte og Jakob Sandes æresstøtte.

18. - 20.
juni
10:00 – 22:00

Forteljekunstakademiet i Fjaler

Akademi i munnleg og skriftleg forteljekunst 18. - 20. juni 2025.

18.
juni
10:00 – 13:00

Kurs i verselesing med Idun og Rolf Losnegård

Vi startar forteljekunstakademiet med eit forkurs i verselesing med Idun og Rolf Losnegård. Her vil deltakarane få kunnskap om diktaren sin prosess og arbeide med å framføre dikt av Jakob Sande.

13.
juni
17:00

Premiere på musikalen "Ein draumefabel"

Alle kulturskuleelevane på dans, teater og musikk i Kulturskulen i Fjaler er i full sving med å øve inn musikalen "Ein draumefabel", som Jakob Sande - senter for forteljekunst har skrive manus til. Musikalen har premiere 13. juni på Samvirket scene.

8.
mai
17:00 – 20:00

Open sløydsal

Open sløydsal i sløydsalen på gamle Fjaler ungdomsskule. Arrangementet er ein del av Sandesenteret si satsing på bygningsvern og overføring av tradisjonshandverksteknikkar. Ei satsing på å flette saman ulike generasjonar og folk med ulike bakgrunnar, alle med eit felles engasjement for å skape noko med nevane.

25.
april
19:00

Folkemusikkpub i Løa

Folkemusikklaget Havbrusen inviterer til ny Folkemusikkpub i Løa. Denne gongen startar puben med lansering av nygamal musikk.

13.
april
17:00 – 18:00

Palestina før Israel // føredrag i Løa

Kva er bakgrunnen for den pågåande Israel-Palestina-konflikten? Kva kan historia lære oss for å forstå dei grusomme hendingane betre? Palmesundag kjem Midtausten-historikar Magnus Halsnes til oss i Sandesenteret. Magnus vil fortelje og forklare opphavet til det moderne Midtausten, med hovudfokus på perioden fram til etableringa av Israel i 1948.

4.
april
19:00 – 20:00

Boksamtale: Odelsskam med Maria Lavik og Leif Jarle Espedal

Maria Lavik kjem til Fjaler og til Jakob Sande-senteret. Maria Lavik er forfattaren bak boka "Odelsskam", som er ei varm og sterk forteljing om å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar. Møt ho i samtale med Fjaler-ordførar Leif Jarle Espedal, som sjølv har tatt valet om å føre slektsgarden vidare.

3.
april
19:00 – 22:30

Forteljekveld på Sandeseminaret: Nynorsk framsnakk, lesande ungdom & musikk

Under Sandeseminaret 2025 inviterer vi til kveldsprogram, som er ope for publikum. Velkomen til ein kveld med feiring av nynorsk litteratur, kveldssamtale med lesande ungdom, levande musikk og pub!

3.
april
13:00 – 14:30

Korleis lese saman i skulen?

Under Sandeseminaret kan du lære om metoden samlesing - shared reading. Denne økta er relevant for alle som jobbar med leselyst, og særleg retta mot lærarar eller deg som jobbar med sosialt arbeid.

3. - 4.
april
12:00 – 23:00

Sandeseminaret 2025

Torsdag 3. og fredag 4. april inviterer vi til Sandeseminaret, som i år handlar om krafta i å fortelje, lytte og lese. På programmet står mellom anna føredrag, samtalar, vandring og kurs.

29.
mars
11:00 – 14:00

Ope i Gamle skulehuset

Gamle skulehuset er Sandesenteret sin eigen bokhandel, krambu og kafè. Open kvar dag, unnateke måndagar, i sommarsesongen, og elles i året ope kvar laurdag. Her kan du kjøpe ulike produkt inspirert av diktinga til Jakob Sande, lokal og aktuell litteratur, og ein kopp kaffi.

28.
mars
18:00 – 19:00

Føredrag: 200-årsjubileet for den norske utvandringa til Amerika

I samband med Utvandrarjubileet 2025 inviterer Fjaler sogelag, Fjaler frivilligsentral og Jakob Sande - senter for forteljekunst til føredrag med historikar Rasmus Sunde.