Omvising

Foto: David Zadig

Vi tilbyr omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor. Du kan tinge omvising om dei to kvar for seg eller i ei samla omvising. 

I sommarmånadane er det stort sett sommarvertane som held omvising, medan det elles i året er dei tilsette ved Sandesenteret og frivillige frå Jakob Sande - selskapet som held omvisingane. I sommarmånadane møter du opp i Gamle skulehuset og ber om omvising. Utanom sesong må du ta kontakt med arenaansvarleg for å tinge tid.

 

Prisar omvising:

Omvising Jakob Sandes fotspor enkeltperson 100,-

Omvising Jakob Sandes fotspor gruppe 800,-

Omvising berre Nikka Vonen like prisar som over. 

Omvising Jakob Sande og Nikka Vonen enkeltperson 150,-

Omvising Jakob Sande og Nikka Vonen gruppe 1200,-