Laurdag under Fest i Fjaler er det ope og hendingar i alle husa i Jakob Sande - senter for forteljekunst. Besøk tunet og bli med på feiringa.
Foto: David Zadig
I Gamle skulehuset: Open bokhandel og krambu.
I Løa nede: Lisa i Li-kafèen held ope.
I Løa oppe: Program gjennom heile dagen. Sjå eigne programpostar.
I Bestefarstaua: Opa utstilling og aktivitetar.
I tunet: Dans, musikk og leik.
Ungdomsredaksjonen møtast for å jobbe med det vi vil lage etter Teaterfestivalen i Fjaler.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug! Øyehaug får prisen for heile forfattarskapen sin og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.