Palestina før Israel // føredrag i Løa

Kva er bakgrunnen for den pågåande Israel-Palestina-konflikten? Kva kan historia lære oss for å forstå dei grusomme hendingane betre? Palmesundag kjem Midtausten-historikar Magnus Halsnes til oss i Sandesenteret. Magnus vil fortelje og forklare opphavet til det moderne Midtausten, med hovudfokus på perioden fram til etableringa av Israel i 1948.

13. april, 17:00 – 18:00

Føredraget vil ta føre seg opphavet og skapinga av det moderne Midtausten, med utgangspunkt i Palestina og det britiske Palestina-mandatet, og leggje vekt på perioden frå første verdskrig og fram til etableringa av staten Israel i 1948. Føredraget vil difor forsøkje å gje eit innblikk i ein viktig periode der grunnsteinane og fundamentet for den seinare konflikten blei lagt.

Magnus Halsnes er Midtausten-historikar frå Dale i Sunnfjord. Han har budd fleire periodar i Midtausten og skriv på ein doktorgrad om grenseutvikling, kartbruk og statsbygging i ørkenområda mellom Jordan, Syria, Irak og Saudi-Arabia etter første verdskrig. Magnus jobbar i dag som forskingsrådgjevar ved Universitetet i Bergen.

Billettar i Ticketco og i døra. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.