Sandeseminaret 2025

Torsdag 3. og fredag 4. april inviterer vi til Sandeseminaret, som i år handlar om krafta i å fortelje, lytte og lese. På programmet står mellom anna føredrag, samtalar, vandring og kurs.

3. - 4.
april
12:00 – 23:00

Jakob Sande - senter for forteljekunst forvaltar og forskar i arven etter Jakob Sande, i nynorsk språk og kultur, og bygg eit nasjonalt fagmiljø innan munnleg og skriftleg forteljekunst. 

Sandeseminaret er ein idedugnad og ei fagleg utvikling for dei som deltek. Arbeidet vil legge grunnlag for den vidare faglege utviklinga ved senteret. Seminaret skal òg bidra til å bygge og styrke nettverk innan munnleg og skriftleg forteljekunst. 

Ynskjer du å delta, kan du melde deg på ved å sende ein e-post til tora@jakobsande.no.

Program


TORSDAG 3. april i Løa
 

12:00 Ete fysst og velkomen // Jakob Sande - senter for forteljekunst
Lunsj frå Strandakokken: Krema pastasalat m/u. kylling.

12:45 Alt godt som enno ventar // Kunstnarisk innslag // Jeaninne Masika Harrysson og Shwan Wahed

13:00 Korleis lese saman i skulen // Innføring i samlesing ved Guro K. Gjøsdal // Nynorsksenteret

14:30 Pause

14:45-15:30 Korleis få ungdom i gang med å skrive // Verkstad ved Mats W. Systaddal // Kulturskulen i Fjaler, Hyllestad og Askvoll

15:30 Pause

15:45 Det berre litteraturen kan gjere // Innlegg frå Sivert N. Nesbø // Skrivekunstakademiet

16:15 Kulturhistorisk vandring // Alexander Rauboti // Musea i Sogn og Fjordane

17:30 Middag frå Strandakokken: Chili sin/con carne med godt attåt + peanutbrownie

OPE FOR PUBLIKUM (gratis, inga påmelding):

19:00 Nynorsk framsnakk // Nynorske bøker du må lese ved Tekstallianse
Med Sivert N. Nesbø, Eli Fossdal Vaage og Maria Pile Svåsand. Leia av Anne Arnesen Mørch.

20:00 Kva les ungdom? Ein kveldsprat // Med Simone Stibbe frå SKALD forlag, Aven Ridgewell og Ernst Roxenholt frå United World College og leia av Heidi Bøhagen frå Den norske bokbyen.

Musikalske innslag // Kåre Sandvik og Lone Indrebø Lægreid

Open mikrofon

FREDAG 4. april i Gamle skulehuset og Løa

08:30 Slitsamt når det står på, deilig etterpå. Om apologetar og ein klassisk litterær kanon // Ord for dagen ved Gunnstein Akselberg i Gamle skulehuset

9:00-10:30 Skriveverkstad for ungdom // Arle Hjelmeland i Gamle skulehuset
For elevar ved Dingemoen skule.

9:15-10:00 "Vi er alle på veg heim”. Ein samtale om forteljekunst for 10 000 ungdom // Den mangfaldige scenen og Jakob Sande - senter for forteljekunst
Med Jeaninne Masika Harrysson, Shwan Wahed og Guro K. Gjøsdal. Leia av Liv Hege Skagestad.

10:00 Pause

10:15-11:15 Re-considering the adult learner of Nynorsk as an artist of new work // Session by E.V. Crowe and co-facilitators Jefta Bajinya, Iryna Bivinis and Madina Darwazi from Vaksenopplæringa i Fjaler.

11:15 Ungdom fortel

11:30 Korleis skape lesekultur som fremjar deltaking i demokratiet // Innlegg frå Trine Skei Grande // Den norske forleggerforening

12:00 Lunsj frå Standakokken

12:45 Gje våre barn lesande heimar. Refleksjonar etter ei reise i barnebokformidlinga sine stader og historie // Foredrag ved Janne Karin Støylen

13:15 Fjaler les! Bokpakke til skulestartarane i Fjaler // Lansering ved ordførar Leif Jarle Espedal og dagleg leiar i Jakob Sande - senter for forteljekunst Rakel Solheim

14:00 Om Krysspunkt, fleirspråkleg poesi og leselystarbeid for ungdom // Innlegg frå Lina Undrum Mariussen // Leser søker bok

14:45 Rundebordsamtale med alle deltakarane

15:30 Sandeseminar slutt

19:00 Boksamtale om livet, jorda og odelen // Maria Lavik og Leif Jarle Espedal
Billettar på Ticketco eller i døra.

Ynskjer du å delta, kan du melde deg på ved å sende ein e-post til tora@jakobsande.no.

Seminaret er gratis, og deltakarar må sjølv dekkje måltida. Strandakokken står for mat, med lunsj og middag torsdag og lunsj fredag.

Kalender

Kva skjer hos oss?

24.
juni
13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen. Sommarvertane held omvising tysdag - fredag kl. 13 frå 24. juni til 07. august.

27.
juni
20:00 – 00:00

Musikk ved Ola Tennes og open mikrofon i Løa

Bli med på ein kjekk sommarkveld i Løa med musikk ved Ola Tennes. Ola er visesongar med base på Sandane, og kjem til Løa i Klokkargarden for å spele og synge for oss. Mikrofonen er open for deg òg!

2.
juli
18:00

Turisme i gamle Sunnfjord // Mary Ann Menes fortel

Sommarsesongen er i gong, og vi ønskjer velkomne til eit historisk tilbakeblikk på turismen i gamle Sunnfjord. Mary Ann Menes frå Norsk Reiselivsmuseum tek oss med på ei reise gjennom reiseruter, overnattingsstader og kjøpesterke gjester frå 1800-talet.