Fest i Fjaler

Ei feiring av forteljekunsten! Gjennom mange år har Jakob Sande - selskapet arrangert "Fest i Fjaler". I 2025 markerer vi også at det er fem år sidan Jakob Sande - senter for forteljekunst opna. Sidan opninga i 2020 har Sandesenteret bygd opp ei vesentleg verksemd og fått stor merksemd og blitt eit vitalt senter for forteljekunst. 8. - 10. august markerer vi jubileet med eit variert program innan forteljekunst.

8. - 10.
august
15:00 – 20:00

Foto: David Zadig

Kvart år arrangerer Sandesenteret festhelga Fest i Fjaler den helga i august som ligg nærast 10. august, som er datoen då Jakob Sande skreiv det kjende diktet "Då Gud heldt fest i Fjaler". 

På programmet finn du mellom anna:

Fredag 08.08:
Lansering av Sandesenteret sitt eige tidsskrift, Tidsskriftet Jaja, si første fysiske utgåve.
Utdeling av Samlagsprisen ved Ingvild Bræin og Arve Helle. 
Nynorsk slagersongkviss ved Arild T. Olsen
Folkemusikkpub med Havbrusen Folkemusikklag

Laurdag 09.08:
Samtale mellom Katrine Sele og Theresa Grøtan
Samtale mellom Kjartan Hatløy og Sivert N. Nesbø
Barneprogram
Program med Ingvar Nistad og Sverre Kvamme
Augustikveld i Klokkargarden med program med mellom andre Halvor Folgerø, Siri Sande, Kjersti Wøien Håland, politikarar, Kjetil Stavenes, Baksaas & Høyer, Mute mode.

Sundag 10.08:
Avslutning av sommarsesongen med håp for hausten. Med Halvor Folgerø, Gunnstein Akselberg, Vivian Midttveit. Konsert med Line Dybedal med band i Dale kyrkje.

Følg med her på heimesida vår for informasjon om billettar. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

24.
juni
13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen. Sommarvertane held omvising tysdag - fredag kl. 13 frå 24. juni til 07. august.

27.
juni
20:00 – 00:00

Musikk ved Ola Tennes og open mikrofon i Løa

Bli med på ein kjekk sommarkveld i Løa med musikk ved Ola Tennes. Ola er visesongar med base på Sandane, og kjem til Løa i Klokkargarden for å spele og synge for oss. Mikrofonen er open for deg òg!

2.
juli
18:00

Turisme i gamle Sunnfjord // Mary Ann Menes fortel

Sommarsesongen er i gong, og vi ønskjer velkomne til eit historisk tilbakeblikk på turismen i gamle Sunnfjord. Mary Ann Menes frå Norsk Reiselivsmuseum tek oss med på ei reise gjennom reiseruter, overnattingsstader og kjøpesterke gjester frå 1800-talet.