Menneskelege øvingar // Kurs med Demian Vitanza

Kurs med Demian Vitanza under Forteljekunstakademiet i Fjaler. Kurset utforskar korleis skriftlege og munnlege forteljemåtar kan styrkje kvarandre gjennom arbeid med bilete og handling. Deltakarane får konkrete øvingar og filosofiske refleksjonar som munar ut i små anekdotar i både skriftleg og munnleg form. Høver alle.

19. juni, 10:00 – 13:00

Foto: Tine Poppe

Å skrive er ein måte å øve på det å vere menneske. Skrivekunsten har røter i den munnlege forteljetradisjonen, men har utvikla seg til ei eiga form gjennom århundrene. I dette kurset skal vi nytte metodar både frå det skriftlege og det munnlege, og sjå korleis desse to tilnærmingane til forteljingar kan styrkje kvarandre. Med dette som utgangspunkt skal vi undersøkje to grunnleggjande deler av ei forteljing: Biletet og handlinga. Vi skal lære korleis å teikne sterke bilete med ord og gi liv til desse bileta med handling. Kurset kombinerer konkrete øvingar for å betre forteljingane vi ber med oss, saman med meir filosofiske refleksjonar om ulike forteljemåtar. Målet er at kursdeltakarane lagar små anekdotar både skriftleg og munnleg.

Demian Vitanza (f. 1983) er forfattar og dramatikar. Han debuterte i 2011 med den kritikarroste romanen urak og har sidan gitt ut romanane Sub rosa (2014) og Dette livet eller det neste (2017) samt skodespela Londinium (2012) og Tyngde (2018). Vitanza har mange års erfaring med både skrivekurs og føredrag, særleg for ungdomsskular og vidaregåande skular, men også for barnehagar, fengsel og vaksne.

Kalender

Kva skjer hos oss?

15. juli 10:00 – 14:00

Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

16. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

17. juli 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.