Teaterkompaniet Eventyr i parken frå eitt av sine opphald i residensen i Jakob Sande-senteret
Har du eit prosjekt innan skriving, forteljing eller anna kunstnarisk arbeid som du ønskjer å utvikle? Søk residensopphald i barndomsheimen til diktaren Jakob Sande.
Vi inviterer forfattarar, forteljarar, diktarar, omsetjarar, dramatikarar, kritikarar, skodespelarar og andre til å søkje residensopphald ved Jakob Sande – senter for forteljekunst.
I 2027 oppmodar vi òg studentar og akademikarar som forskar på tema knytte til skriftleg og munnleg forteljekunst, Jakob Sande eller immateriell kulturarv, om å søkje. Vi diskuterer gjerne problemstillingar og forskingsspørsmål knytte til masteroppgåver, doktorgradsprosjekt og andre forskingsprosjekt.
Du kan søkje om opphald frå to veker og inntil to månader, åleine eller saman med ei gruppe. Ei eiga stove og ein skriveplass, kjøken, bad, soverom og vaskerom står til disposisjon.
Sandesenteret ligg i Fjaler, ein kommune med lange tradisjonar for danning, kunst og kultur. Her finn du fleire sterke kultur- og utdanningsorganisasjonar med nasjonalt og internasjonalt verkeområde, mellom anna Red Cross Nordic United World College, Nordisk kunstnarsenter Dale, Teaterfestivalen i Fjaler, Kulturskulen i HAF, Preform og Samvirket scene. Sandesenteret samarbeider med fleire av desse aktørane. Dale er ei levande bygd med eit aktivt og kreativt kunst- og kulturmiljø.
Residensopphaldet gir deg arbeidsro, inspirasjon og høve til å vere ein del av eit fagleg og kreativt miljø for forteljekunst.
Søknadsfrist for 2027 er 1. november 2026. Du søkjer med ein kort tekst der du fortel kven du er, og kva du ønskjer å bruke opphaldet til. Vi samarbeider med Preform om å tilby lydstudio, scene og scenekompetanse til deg som har behov for det under opphaldet. Skriv i så fall om dette i søknaden.
Har du spørsmål om residensordninga? Ta kontakt på e-post: rakel@jakobsande.no
//
Would you like to develop your creative practice in oral or written storytelling, or are you working on a project related to storytelling? Apply for a residency at the poet Jakob Sande’s childhood home!
We invite authors, poets, translators, playwrights, critics, storytellers and others to apply for a residency at the Jakob Sande Center of narrative arts.
In 2027, we also encourage students and academics researching topics related to written and oral storytelling, Jakob Sande or intangible cultural heritage to apply. We are happy to discuss research topics and questions related to master’s theses, PhD projects and other research projects.
You can apply for a residency of between two weeks and two months, either on your own or as part of a group. The residency includes your own living room and workspace, as well as access to a kitchen, bathroom, bedroom and laundry facilities.
The Jakob Sande Centre is located in Fjaler, a municipality with long-standing traditions in education, arts and culture. The area is home to several strong cultural and educational organisations with national and international reach, including Red Cross Nordic United World College, Nordic Artists’ Centre Dale, Kulturskulen i HAF, the Fjaler Theatre Festival, Preform and Samvirket scene. The Centre works closely with several of these organisations. Dale is a vibrant village with an active and creative arts and cultural community.
The residency offers time and space to work, inspiration and the opportunity to become part of a professional and creative storytelling environment.
The application deadline for 2027 is 1 November 2026. To apply, submit a short text introducing yourself and describing what you would like to use the residency for. We collaborate with Preform to offer access to a sound studio and stage for those who need them during their stay. If this is relevant to your project, please mention it in your application.
The residency covers accommodation only. We are unfortunately not able to cover travel, food, materials, or other expenses related to the stay.
Do you have questions about the residency programme? Contact us by email: rakel@jakobsande.no
I residens 2026
Jogvan Helge Gardar
Ena Johanne Rathgeb
Reidun Foldøy
Unn Catodotter Fyllingsnes
Elin Høyland
Beinir Bergsson og Dania O. Tausen
Elida Karo
Tiril Pharo, Kornelia Melsæter og Fride Holsøs
Alicja Ziolko og Hector del Rio
Lisa Nordhaug
Inger Natlandsmyr
Marie Longva Danielsen
Tove Bakke og Ragnar Hovland
Laia Fabre
Fest i Fjaler: Irene Kinunda Afryie
Teaterfestivalen: UPPHAV
Wenche Gressnes og Mona Høydahl
Anne Hungnes og Eva Marie Aagaard
Synne Gulliksen
UWC-studentar
Robin Everett
Paula Elena Ramos
Ivar Nygård
Amund Bramness Vaage og Julia Constance Wiger-Nordås
Tone Hellesund
Helle Linderud og Emma Eggen
Anna Albrigtsen
Anders Rubing
Sanne Tina Frostensson
Ellen Hageman og Liv Kristin Holmberg
Sofie Sleipnes og kompani
Gunhild Sannes
Marthe Haugerud
Halvor Folgerø
Marius Kolbeinstvedt
Maria Drangeid
Mari Elise Haugen, Kjersti Wøien Håland, Sofia Knudsen Estafanos
Camilla Løken Hill
Inger Karin Natlandsmyr
Marius Moldvær