Folkemusikkpub i Løa

Folkemusikklaget Havbrusen inviterer til ny Folkemusikkpub i Løa. Denne gongen startar puben med lansering av nygamal musikk.

25. april, 19:00

Puben startar med konsert og musikkslepp av Vidar Underseth og Egil Furenes, som vil spele og fortelje om den lokale spelemannen Edvard Brendehaug frå Hellevik (1873-1936). Dei lanserer eit heilt ferskt hefte med CD med musikken til Edvard, som dei har samla frå gamle kjelder i Fjaler. Edvard Brendehaug var ein storspelemann frå Hellevik som haldt konsertar og spelte i ei mengd med bryllaup. Han vart rekna som ein av dei beste spelemenna i Sunnfjord i si tid.

Konserten startar kl 1930 og varar i underkant av ein time. Etter konserten fortset puben som vanleg med opa scene. Anten du kjem for å møte venner, drikke øl, høyre på levande musikk, eller bidra med eit instrument vert det garantert god stemning!

Inngongsbillett er kr. 100. Vel møtt til Folkemusikkpub i Løa!

Ta gjerne kontakt om musikalske innslag (Marie Stølen, tlf. 98224631)

Kalender

Kva skjer hos oss?

15. juli 10:00 – 14:00

Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

16. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

17. juli 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.