Akademi i munnleg og skriftleg forteljekunst 18. - 20. juni 2025.
Foto frå akademiet i 2023. Rakel Solheim, Gard Felde og Marcus Solheim på Steia Gard.
Sidan 2023 har Jakob Sande - senter for forteljekunst arrangert akademi i munnleg og skriftleg forteljekunst. Det er eit akademi for alle som ønskjer utvikle evnene sine til å lytte, til dialog, til å fortelje, til å skrive, samhandle og skape. Alle utøvarane er aktivt deltakande i føredrag, kurs, praktisk arbeid og kvar einskild får utvikle sine evner munnleg og skriftleg.
Akademiet finn stad i Klokkargarden, staden der diktar og forteljar Jakob Sande vaks opp, og som er hovudsete for senter for forteljekunst. Og Steia gard, der Nikka Vonen dreiv skule for jenter mellom 1871-1907. Begge kulturmiljø av nasjonal betydning og stader for utvikling og fellesskap.
Under akademiet vert det kurs i forteljeteknikkar, i skriving, det vert nøkkelføredrag og vandringar.
Program
Onsdag 18. juni
1000-1300 Forkurs Munnleg forteljekunst // Verslesing ved Idun Losnegård og Rolf Losnegård på Steia gard. Deltakarane vil få innføring i arbeidet med innøving og framføring av dikt av Jakob Sande.
1300 Velkomst og ord ved Nikka Vonens minnestøtte og Jakob Sandes æresstøtte ved ordførar i Fjaler, Leif Jarle Espedal.
1330 Lunsj i Løa Ord ved dagleg leiar i Jakob Sande-senteret, Rakel C. W. Solheim
1500 - 15.50 Brautometeret. Danning då og no. Innlegg ved Arne Osland frå UWC. Samtale med Ørjan Z. Johansen frå Jærmuseet. Steia Gard.
1600 «The World as We Know It» - reisebrev frå eit USA i endring ved David Zadig og Tidsskriftet Jaja. Løa (oppe).
1800 Fotballforfattaren frå Bryne, Ørjan Zazzera Johansen, les og fortel i Løa.
1800 Opning av årets sommarutstilling i Bestefarstaua.
1900 Sandes matbord i Løa. Middag og ord ved styreleiar i Jakob Sande - selskapet, Trude H. Felde.
2000 Føredraget “Tindesportens far Slingsby og Nikka Vonen” ved Inge Kjell Holme i Løa (oppe).
Torsdag 19. juni
0800 Morgontur. Kultur- og arkitekturvandring ved kultursjef i Fjaler, Ingeborg Tysnes og arkitekt Olav Hovland. Oppmøte ved tuntreet.
0900-0945 Ord for dagen Danning idag. Filosofiske perspektiv. Ved akademi-filosof Pedro Vincent Dias Bergheim frå UiB på Steia gard.
1000 - 1300 Kurs skriftleg forteljekunst // parallelle kurs
Kurs 1 Skapande skriving ved Demian Vitanza i Gamle skulehuset.
Kurs 2 Skriveteknikk ved Irene Kinunda Afryie i Studio Nova.
1300 Lunsj i Løa. Ord ved Torkil Sandsund og Miriam Prestøy Lie // Teaterfestivalen i Fjaler.
1400 - 1500 Den immaterielle kulturarven og framtidas forteljarar i museumssektoren. Samtale mellom Garborgsenteret, Musea i Sogn og Fjordane, IBSEN Museum & Teater, Sandesenteret og Universitetet i Stavanger. Løa (oppe)
1600 Vandring og markering av UNESCO-statusen til Fjordkystparken. Vi går til eventyrskogen på Einehaugane, der det vert forteljing og markering. Oppmøte ved tuntreet i Klokkargarden. Ved Rolf Kleiven, Even Vie, Trude Søilen, Rakel Solheim, Liv Hege Skagestad, Ingrid Nedrebø, med fleire.
1800-1900 "Frå beite til bord". Middag ved Mitt lille kjøkken/Christel Eide i Løa.
2000 “Ønskediktet”. Dikt lese av engasjerte i Sandesenteret og deltakarar på kurs i verselesing. Open mikrofon. Innleia av «Og naustet skal stå stille i hundre år tell». Utdrag frå prosjektet NORD ved Den mangfaldige scenen. Med Sandra Edvardsen og Kristine Hagensen. Idé og regi Jane Kelly. Løa (nede).
Fredag 20. juni
0800 Morgontrening/bad med Ingvild Kjøsnes i Samspel i tunet/badevika
0900 Ord for dagen Gå som guten ved Gunnstein Akselberg i Gamle skulehuset
1000-1300 Kurs i munnleg forteljekunst // parallelle kurs
Kurs 1 Improvisasjon– å finne historia her og no, ved Veslemøy Mørkrid frå Det andre teatret. Studio Nova.
Kurs 2 Presentasjonsteknikk ved Irene Kinunda Afriyie i Gamle skulehuset.
1300 Lunsj og filosofisk kafè ved Pedro Vincent Dias Bergheim i Løa. Leonards forlaavelse leverer nydeleg låvebakst, ost og spekemat.
1500-1700 Oppdagelsesferda Den hemmelege hagen. I Nikka Vonens hage Rosenlund på Steia Gard.
1800 Menneska rundt bålet – ein prolog til feiringa av Jonsok ved Demian Vitanza // I Løa (oppe).
1900 Jonsokfeiring i Klokkargarden.
Ønskjer du melde deg på eller har spørsmål?
Ta kontakt på rakel@jakobsande.no
Hanne-Margrethe Heia Dybvik og Øyvind Rye Dybvik inviterer til allsong og haustpub i Løa i Jakob Sande-senteret. Velkomen til eit arrangement med musikk, fellesskap og god stemning.
Sandesenteret sin eigen bokhandel, kafé og krambu og møteplass ope laurdagar 11-14. Enkel kafè og eit utval nye bøker og ymse frå eigen produksjon.
Denne laurdagen lanserast både Anna Schmideder si bok "Gain what we lost" og Sandesenteret sin nyaste kopp skapt av Eva Meier. Begge to fortel om industrihistorie og korleis vi kan ta vare på kunnskap og forteljing.