Sidan 2023 har Jakob Sande - senter for forteljekunst arrangert akademi i munnleg og skriftleg forteljekunst. Det er eit akademi for alle som ønskjer utvikle evnene sine til å lytte, til dialog, til å fortelje, til å skrive, samhandle og skape. Alle utøvarane er aktivt deltakande i føredrag, kurs, praktisk arbeid og kvar einskild får utvikle sine evner munnleg og skriftleg.
Akademiet finn stad i Klokkargarden, staden der diktar og forteljar Jakob Sande vaks opp, og som er hovudsete for senter for forteljekunst. Og Steia gard, der Nikka Vonen dreiv skule for jenter mellom 1871-1907. Begge kulturmiljø av nasjonal betydning og stader for utvikling og fellesskap.
Årets tema
I 2026 jobbar Sandesenteret etter temaet Kvinna. Temaet spring ut av ei rekke behov. Både den kjennsgjerninga at mennene rundt Sande har fått mest merksemd. Bestefaren og faren som vi titulera “Lysets fader” kjenner vi godt til, men kven var denne forteljeglade mora? Kva liv levde søstrene? Var samfunnet her så patriarkalsk som fleire vil ha det til?
Men temaet kvinna er meir enn kvinnene i Sande si dikting og i Sande sitt liv. Det er og kvinner som har hatt avgjerande roller, men som i liten grad har fått plass i den store forteljinga. I denne samanhengen er Nikka Vonen og jentene ved skulen hennar sentrale, saman med spørsmål om danning og utdanning, tilgang til kunnskap og kvinneleg sjølvstende.
Gjennom året vil vi jobbe for å løfte temaet utover det historiske og lokale, og knyte det til aktuelle og globale spørsmål i vår eiga tid. Kvinner i krig og konflikt, kvinner som må forlate menn i krig, kvinner utan ytringsfrihet, kvinner på flukt og kvinner som kjempar for rettar og handlingsrom, og kvardagskvinna. Vi meiner at forteljekunst, poesi, skaparkraft kan vere viktige inngangar til temaet og også kan få fram nye stemmer. Kva stemmer bør vi lytte til i framtida?
Årets forteljekunstakademi er 12.-14.august 2026
Under akademiet vert det ulike kurs innan munnleg og skriftleg forteljekunst, i handverk, det vert samtalar, vandringar og eit fellesskap mellom bidragsytarar, deltakarar og andre.
Ønskjer du bidra eller har spørsmål?
Ta kontakt på rakel@jakobsande.no