Brautometeret. Danning då og no. Samtale mellom Arne Osland og Ørjan Zazzera Johansen

Ørjan Zazzera Johansen og Arne Osland utforskar korleis forteljingane om fotballstjerna Erling Braut Håland kan kaste nytt lys over Arne Garborgs Daniel Braut i Bondestudentar. Dei diskuterer korleis ein kan vekkje interessa for ein ung bondestudent ved å dra parallellar til dagens ungdomsheltar, og reflekterer over verdien av moderne biografiar.

18. juni, 15:00 – 15:50

Endringar i tida kan gjere eldre litterære skattar vanskeleg tilgjengelege, særleg for eit ungt publikum. I denne økta set Ørjan Zazzera Johansen og Arne Osland seg i lag for å sjå på korleis framstillingar av fotballstjerna Erling Braut Håland kan kaste lys på Arne Garborgs fiktive skikkelse Daniel Braut. I romanen Bondestudentar skildrar Arne Garborg guten Daniel Braut. Daniel sine draumar og utfordringar kan likne på dei ungdom har i dag. Ørjan har skrive dagens unge Braut sin biografi. Arne opplev at dagens elevar treng meir hjelp for å komme inn i romanen. Kan vi dra veksel på forteljingane om fotballoksen frå Jæren for å skape interesse for ein ung bondestudent som mistar seg sjølv? Underveis vil dei to også komme inn på eigenverdien ved biografiar om vår tids heltar.  

Ørjan Zazzera Johansen er forfattar og lesevitar. Han slutta å spele fotball for tjue år sidan, men drøymer framleis om å bli proff. Ørjan har skrive fleire fotballbøker, mellom anna Historia om Erling Braut Haaland (2022), som både er nominert til ARKs barnebokpris og Bokslukerprisen. Ørjan arbeider som formidlar og lesevitar ved Garborgsenteret. Garborgsenteret formidlar Arne og Hulda Garborg, to viktige forfattarar og samfunnsaktørar, sine historier. 

Arne Osland er lærar ved United World College Red Cross Nordic i Flekke og har vore engasjert i arbeidet ved Jakob Sande-selskapet i ei årrekkje. Han har arrangert Sandeseminar og akademi, leia samtalar og kurs, vore aktivt styremedlem og tatt med seg elevgrupper til mellom anna skrivecamp i tunet.

Kalender

Kva skjer hos oss?

15. juli 10:00 – 14:00

Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

16. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

17. juli 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.