Arbeidsvisning med Marius Kolbenstvedt

Fredag 18. juli viser Marius Kolbenstvedt utdrag frå Mistekunst – ein scenisk monolog basert på møte med palestinsk poesi og personlege tapserfaringar. I Mistekunst vever han saman eigne livskriser med stemmer frå palestinske dikt – ei poetisk og politisk forteljing om avhumanisering, håp og kunsten å sleppe taket.

18. juli, 20:00

Marius under Teaterfestivalen i Fjaler i 2023. Foto av David Zadig.

Marius Kolbenstvedt er dramatikar, regissør, skodespelar, dramaturg, musikar og produsent. Han er utdanna ved Nordisk Teaterskole i Aarhus, har bachelor i kunst-, idé- og kulturhistorie frå Universitetet i Oslo. Kolbenstvedt var med på å stifte teaterkompaniet De Utvalgte i 1994, der han arbeidde i fleire roller fram til 2004. Marius har ved fleire høve hatt ulike roller under Teaterfestivalen i Fjaler. I sommar er han tilbake i Fjaler og i residens i Jakob Sande - senter for forteljekunst, der han arbeider med prosjektet Mistekunst, som han 18. juli inviterer til ei arbeidsvisning av. 

Mistekunst er ein monolog der Marius går i dialog med omsette palestinske dikt og reflekterer rundt avhumanisering, tapserfaring og håp, korleis kunsten kan gjere motstand og forløyse. Gjennom eit personleg utgangspunkt, eit psykisk samanbrot utløyst av livskriser, flyttar monologen seg frå det indre rommet og ut i verdas store sår. Forestillinga spinn ei forteljing der eigne tap og traumar speglar seg i dei brutale livsvilkåra til palestinske kunstnarar og deira poesi. Marius går i dialog med dikt av mellom andre Mahmoud Darwish, Taha Mohammad Ali og Mosab Abu Toha – og stiller spørsmål ved kva slags kunst og ytringar vi toler i vår eigen del av verda. Vi følger Marius når han reiser til Israel og Palestina, vi følger han fram og tilbake i tid og rom når han prøver å komme til bunns i eigne erfaringar med vold, sinne og tap - og å lære kunsten å miste. Lære å sleppe taket.

Konsulentar for ulike fasar av tekstutviklinga til monologen er Mette Karlsvik, Priya Bains og Rebekka Nilsson. 

Det vert open bar og høve for samtale med Marius etter visninga. 

Prosjektet er støtta av: Norsk Kulturråd, Norske Dramatikeres Forbund, Stiftelsen Fritt ord og Nesodden Kommune

Kalender

Kva skjer hos oss?

15. juli 10:00 – 14:00

Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

16. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

17. juli 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.