Sesongopning og opning av årets sommarutstilling

Velkomen til opning av årets sommarutstilling i Bestefarstaua. Ei utstilling som omhandlar kvinnene i Sande sin forfattarskap og liv.

21. juni, 13:00

Bli betre kjend med kvinnene i Sande sitt liv og forfattarskap gjennom årets sommarutstilling i bestefarstaua.

Gratis inngong - alle er velkomne. 
Etter opninga vert det sommarsalong med Tove Bakke.

Utstillinga vil halde ope kvar dag frå kl.11-16, unnateke måndagar, gjennom heile sommaren.

Eigar: Eikaasgalleriet/DM

Kalender

Kva skjer hos oss?

25. november 11:00 – 12:30

Tørk tårene, rett ryggen og sjå glad ut

Ivar Nygaard er i residens i Jakob Sande - senter for forteljekunst. På onsdag inviterer han til gulrotkake og forteljeframsyning om Peder, kjærleiken og tuberkulosen.

28. november 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Laurdagsope i bokhandelen, krambua og kafeen i det gamle skulehuset.

1. desember 17:00

Jakob Sande 120 år

1. desember markerer vi at det er 120 år sidan diktaren Jakob Sande vart fødd.