Arbeidsvisning av NAVasté 

Mari Elise, Sofia og Kjersti i residens held opa arbeidsvisning i Samvirket fredag kl. 12. Arbeidsvisninga er ei nedpå lesing av førebels manus med rom for innspel og tankar frå publikum etter lesinga

3. oktober, 12:00 – 13:00

NAVasté (arbeidstittel) er eit teaterstykke basert på Mari Elise Haugen sine opplevingar. Som tenåring vart Mari Elise diagnosert med den sjeldne sjukdommen Takayasus Arteritt. Sjukdommen er kronisk, ofte usynleg og gjort at ho har tatt medisinar med heftige biverknader. Med skråblikk, sårheit og humor viser Mari korleis det er å navigere oppvekst, NAV-systemet og andre sine forventningar til kva ein sjuk person bør gjere med livet sitt. Målet er at publikum skal bli opplyst, opprørt og oppløfta. Arbeidsvisninga er ei høgtlesing av manus i prosess. 

Om oss:

Mari Elise Haugen er skodespelar og det biografiske subjektet i framsyninga. Ho er med å utvikle manus og skal spele hovudrolla.

Sofia Knudsen Estifanos er skodespelar og kunstnarisk leiar i SPKRBX, som skal produsere framsyninga. Sofia er med å utvikle manus og spelar biroller.

Kjersti Wøien Håland er dramatikar. Ho er med på å utvikle og skrive manus.

Arbeidsvisninga er ei nedpå lesing av førebels manus med rom for innspel og tankar frå publikum etter lesinga. Lesing og samtale vil ta ca ein time.

Tid: Fredag klokka: 12.00-13.00

Stad: Samvirket, bruk bakdøra (mot klatreparken). 

Gratis inngong.

Arbeidsvisninga er i samarbeid med PreForm. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

16. september 16:00 – 17:00

Redaksjonsmøtet

Ungdomsredaksjonen møtast for å jobbe med det vi vil lage etter Teaterfestivalen i Fjaler.

19. september 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

25. september 10:00 – 16:00

Utdeling av Samlagsprisen og seminar

Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug! Øyehaug får prisen for heile forfattarskapen sin og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.