Forteljekveld på Sandeseminaret: Nynorsk framsnakk, lesande ungdom & musikk

Under Sandeseminaret 2025 inviterer vi til kveldsprogram, som er ope for publikum. Velkomen til ein kveld med feiring av nynorsk litteratur, kveldssamtale med lesande ungdom, levande musikk og pub!

3. april, 19:00 – 22:30

Program

19:00 Nynorsk framsnakk

Lurer du på kva du skal lese dei komande månadane?

Vi har invitert eit topplag av formidlarar og skrivande til å fortelje om fersk nynorsk litteratur dei held høgt:

  • Sivert Nesbø, forfattar og leiar for Skrivekunstakademiet i Bergen
  • Maria Pile Svåsand, dagleg leiar for Litteraturbåten Epos
  • Eli Fossdal Vaage, poet, forfattar og skrivelærar ved Skrivekunstakademiet i Bergen

Programleiar er Anne Arnesen Mørch, dagleg leiar i Tekstallianse.

Nynorsk framsnakk er tredje utgåve av Tekstallianse sin serie med bokråd for tidsskrift og småforlag, som skal lyfte fram skattar frå det store mangfaldet av utgjevingar frå uavhengige forlag og tidsskrift som kjem kvart år. 

20:00 Kva les ungdom? Ein kveldsprat 

Med Simone Stibbe frå SKALD forlag og Aven Ridgewell og Ernst Roxenholt frå United World College. Samtalen er leia av Heidi Bøhagen frå Den norske bokbyen.

Musikalske innslag // Kåre Sandvik og Lone Indrebø Lægreid

Open mikrofon

Det blir open bar.

Gratis inngang og inga påmelding.

Vel møtt!

Kalender

Kva skjer hos oss?

15. juli 10:00 – 14:00

Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

16. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

17. juli 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.