Lær håndverksteknikkar av Jan Haugen og Vidar Jensen på open sløydsal i sløydsalen på gamle Fjaler ungdomsskule.
Lær håndverksteknikkar av Jan Haugen og Vidar Jensen.
Tidlegare på dagen har salen vore open for alle 7.klassingar i Fjaler og Hyllestad som del av Bygningsverndagen som Sandesenteret og Kvernsteinsparken/MiSF arrangerer. No opnar Jan og Vidar salen for allmuen.
Arrangementet er ein del av Sandesenteret si satsing på bygningsvern og overføring av tradisjonshandverksteknikkar. Ei satsing på å flette saman ulike generasjonar og folk med ulike bakgrunnar, alle med eit felles engasjement for å skape noko med nevane.
Arrangementet er i den gamle sløydsalen på gamle Fjaler ungdomsskule i Nikka Vonens veg. Inngang på sørsida.
Arrangementet er gratis og opent for alle, både vaksne og born. Ta med ungane og bli med!
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.
Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.