Fredag kveld under Fest i Fjaler lagar Folkemusikklaget Havbrusen med vener stemning i Løa. Vi markerer med allsong at "Morgon på kobbeskjeret" og "Baltanskjer" sine melodi, slik vi kjenner dei, er 40 år i år! Ta med deg eit instrument om du har, godt humør og bli med!
Foto: David Zadig
I år er det 40 år sidan Jan Haugen sette melodi til diktet "Morgon på Kobbeskjeret". Det same gjeld melodien til diktet "Baltanskjer", som Jarle Tømmerbakke sette melodi til, same året. Dette markerer vi med allsong og folkemusikkpub.
Havbrusen Folkemusikklag har medlemmer frå Dalsfjordområdet, og hadde sin debut på Fylkeskappleiken 2012 i Stryn. Laget tilbyr opplæring i felespel og arrangerer folkemusikkpub og forteljekveldar.
Inngong 100,- Billett i døra.
Arrangør: Folkemusikklaget Havbrusen og Jakob Sande-senteret.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.
Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.