Om Nikka Vonen

Nikka Vonen vart fødd i Dale 14. november 1836, døypt Nicoline Marie Vonen.

Faren kom frå Vona i Naustdal, mora frå Gloppen. Mor til Nikka døydde tidleg (1843). Det var gjennom faren sitt andre ekteskap, med lensmannsdottera Anne Haugland, at familien kom med i krinsen av kondisjonerte i Fjaler. 

Nikka Vonen dreiv jenteskule i Fjaler i 38 år, skreiv ned folkeminne og folkeskildringar. Skreiv sjølv dansk, men var den første kvinna som var medlem i Vestmannalaget. Nikka var aktiv i si samtid, stod for kvinnefrigjering og var oppteken av at medmenneska hennar skulle ha gode liv.  

Som 11-åring gjekk ho sjølv på pensjonatskule i Davik i Nordfjord.

Nikka i Dalebygda

Sjølv om Nikka holdt ein viss avstand til allmuen, hadde ho ei eiga evne til å få bygdefolk i tale. Allereie i 1850-åra skreiv ho ned det ei gamal bygdekone fortalte ho om medisinsk bruk av urter og blomar og om troll og huldrefolk. I forteljingane skreiv Nikka alltid dansk, men brukte dialekt i direkte tale. Tekstane vart omskrive før dei vart utgitt, oftast av Eilert Sundt og Rikard Berge, som meinte at omskrivingane ga tekstane ein betre stiltone: «Det er ein diktar som gjev desse bileta liv, og ein kunstnar som vakar over forma». 

Nikka flytta heim i 1862, og byrja med å skrive ned fleire folkeskildringar, etter tips frå Eilert Sundt. I åra 1865-66 prenta han anonymt sju av desse skildringane i ulike tidsskrift. I 1909 ga Nikka ei samling folkelivsskildringar til Bergen museum. Ho fekk eit livslangt medlemsskap i veneforeininga til museet. Til saman ga ho museet over 360 sider med nedteikningar. Då ho døydde i 1933, etterlot ho seg brev og papir som enno er lite utforska. 

Ei skulehistorie tek til

Nikka starta pensjonatskulen i Dale i 1869, først på Yksnebjør ilag med enkefru Laura de Ferry Nitter, og frå 1871 på Steia Gard. Nikka kjøpte garden frå broren i 1875. Då var Nikka 39 år, og såg på lærar- og oppsedargjerninga som si livsoppgåve.  

Til saman gjekk om lag 800 elevar på denne skulen, kring 25 årleg. Dei fleste kom frå høgare samfunnslag i byar og tettstader i Noreg, nokre og frå utlandet. Mellom dei som gjekk på skulen, var Bergljot Bjørnson og Karen Platou, som seinare vart den første kvinna som vart vald inn på fast plass i Stortinget. 

Pensjonatskulen på Steia Gard

I folketellinga i 1875 budde det 61 menneske på bruka til garden Steia. Til samanlikning budde det 200 menneske elles totalt i Dale. I folketellinga kjem det fram at eldste elev dette året var 20 år og den yngste 11. Men gjennomsnittsalderen var oftast mellom 17-18 år.  

Skulen til Nikka hadde ikkje offisiell status eller eksamensrett, så ho stod fritt i kva fag ho ynskte å undervise i.  Dei faga Nikka vektla var tysk, engelsk, historie, norsk, musikk og religion. Nikka var djupt religiøs i sitt grunnsyn. Nikka hadde gode føresetnader for å undervise i tysk, etter at ho i 1877 besøkte broren Barthold i Tyskland, mellom anna for å lære seg god munnleg tysk.  

Andre aktivitetar som elevane dreiv med på fritida var leik og dans. Jentene dansa utan kavalerar, og Nikka vart sjølv med å danse nokre gonger. Det vart også arrangert større dansefestar på Steia. Då kom det kavalerar frå den kondisjonerte miljøa på Haugland, Tysse og Vonen, frå prestegarden på Bjerga og elles danseglade gutar frå bygda. Kvar torsdagskveld var avsett til songøving for elevane, saman med den musikalske frøken Bader. Desse songøvingane kom alltid prestedøtrene Smith til også.  

Nikka sin bursdag 14. november vart alltid feira med stor fest med skodespel og dans. Då kledde dei seg opp i staselege kjolar og hattar og frisyrar til selskapsbruk.  

Husstyrerinna var frøken Bergitte Finde frå bergen. Ho hadde ansvar for matstellet. Kvar elev hadde ei såkalla husveke der dei var med på kjøkkenet saman med frøken Finde. Her fekk elevane god opplæring i korleis ein skulle servere og te seg kring bordsetet. Det var viktig at dei ved bordet sat med rett rygg og at armane ikkje låg over bordet. Husstell var altså ikkje eit eige fag ved skulen, men elevane fekk praktisere det gjennom learning by doing  i husveka deira.  

Thora Wettergren var ei kvinne bygdefolket såg opp til. Ho var tilsett som handarbeid og sløydlærar ved skulen, og såleis var jentene nokre av dei første i landet som fekk opplæring i sløydfaget.  

Arbeidsdagen til Nikka var lang, og oftast ikkje ferdig før midnatt. Ein stor del av dagen gjekk til undervising, retting av skriftlege arbeid og i tillegg skrive brev til foreldre og tidlegare elevar. I tillegg tok ho med seg elevar i gardsarbeidet, som dyrestell og førefallande arbeid. 

Stundom vart nokon ved skulen sjuke. Nikka hadde eit velfylt medisinskåp og hadde god kjennskap til gode råd ved sjukdom som ho hadde samla rundt i bygdene i Sunnfjord. Medisin laga av ymse urter hadde ho særleg god tru på. Andre folk i bygda kom ofte til Nikka for å få hjelp i sjukdomstilfelle. Ofte tok ho med seg ein elev når ho reiste på sjukevitjing i bygda. Såleis fekk elevane eit innblikk i korleis dei vanlege kåra var for menneske på bygda. Dette var verdifulle kjennskapar å ta med seg vidare i livet.  

Tidlegare elevar av Nikka har beskrive undervisningsøktene til Nikka som feststunder. Ho var evnerik og allsidig. Ho lærde elevane gleda ved å arbeide, og vann deira tillit. Ho var oppriktig interessert i den einskilde og lokka fram det beste i elevane. Nikka lærde dei «flidens og disiplinens ånd» noko dei var takksame for seinare i livet. Med sine uvanlege munnlege pedagogiske preg fekk ho skulen på Steia til å bli både populær og vidgjeten.  

Om Steia Gard

Til garden på Steia høyrde det til mange stølar, i tillegg til naust med fleire båtar og lakserett i elva. På garden budde også 12 storfe, to hestar, og småfe. I åra etter Nikka overtok bygningane, fekk ho først bygd nytt vaskehus kring 1880, og deretter to nye fløyar til hovudhuset i 1886, med eigen inngang. Skulehuset kom til i 1889. I 1. høgda var det tre store klasserom med tredoble dører mellom slik at store samankomstar kunne haldast der. Det var nokre lærarrom der også. Vaskehuset vart også påbegynt i 1875. med det store elevtalet og aukande menneskemengda, trengte dei eit eige vaskehus.  

I 2. høgda var det seks store soverom. I kjellaren var det gymnastikk og sløyd. Det var klesrom med 8-10 strykejern, kakkelomnar og grovkjøkken. Begge husa er no kvite, men tidlegare har dei vore både grøn- og gulmåla, med kontrastfargar.  

Hagen var vakkert opparbeidd med frodige blomebed, prydtre, frukttre og bærbusker, og med mange fine hus bygde av Pavel, bror til Nikka. Han bygde også hundehus i stil med husa og ein fantasifull paviljong eller lysthus .   

Folkeminnesamlar

Nikka samla på folkeminne, forteljingar frå Sunnfjord og gåter. Ho var venn med Ivar Aasen og Vinje, og oppteken av språk og munnlege forteljingar. Ho skreiv dei alltid ned på dialekt.  

Ei gåte der svaret er vekt: 

Kva er det som fer gjennom land og lage, 

og har korkje munn elle mage; 

Seier kvar mann sant, 

men lyge litt attiblandt.  

Gåtene såg Nikka på som eit stykke oppdagelseskunst av rang, som fester seg ved minnet. Her kunne ein få innblikk i bondesamfunnet og i korleis ein levde på ulike stader i Sunnfjord på den tida. Fleire stader var det vanleg med gåteleik ved peisen om kvelden i norske bondestover, og framleis er gåter moro for både store og små, der dei oppfordrar til tenking og fantasi.  

Ei skulehistorie tek slutt

Skulen vart nedlagt i 1907. Ingen kunne ta over skulen etter Nikka, for skulen var Nikka. Etter skulen vart nedlagt heldt Nikka fram med å vere engasjert i skule- og kvinnesaker.  

Nytenking kring Steia er meir passande no enn nokonsinne, som del av det nasjonale forteljekunstsenteret, i ei bygd med ei sterk skuleshistorie, som framlei skrivast med mellom anna den internasjonale Red Cross Nordic United World College på haugland i Flekke. 

Både husa og garden på Steia har potensiale i seg til å kunne bli eit unikt kulturhistorisk minnesmerke, og såleis bli eit verdifullt tilskot til det ein alt har fått av verksemd på dette feltet, men også eit sete for meir nytteprega aktivitet.  

Kjelder:

Einar Offerdahl, 2015. 

Magne Fagerheim, 1998.  

Greta Hekneby, 2012.  

https://marcus.uib.no/