Vandring og markering av UNESCO-statusen med Nikka Vonen og forteljingar

Velkomen til vandring og markering av Fjordkystparken sin UNESCO-status under Forteljekunstakademiet torsdag 19. juni! Møt opp kl. 16 ved tuntreet i Klokkargarden og bli med på ei vandring med felespel, forteljingar og allsong til Brokabakkane. Kor godt kjenner vi eigentleg fjellheimen i Fjaler? Kva har UNESCO-statusen å seie for vårt område? Og kva har vandring til Østenstad med saken å gjere?

19.
juni
16:00

Kart over Dale teikna av Eva Meier.

Jakob Sande - senter for forteljekunst er eit episenter i Fjordkystparken. Parken har eit episenter i kvar av sine park-kommunar, som er Solund (Taklebua), Hyllestad (Kvernsteinsparken), Askvoll (Skulen i Stongfjorden), Sunnfjord (Bygstad) og Fjaler (Jakob Sande - senteret). Fjordkysten regional- og geopark blir sagt å vere ein av dei beste stadene i verda for å studere veksten og fallet til ei fjellkjede. Parken arbeider for å fremje berekraftig utvikling gjennom formidling av natur- og kulturarv, og i april fekk parken status som UNESCO Global Geopark. Dette vil vi markere og inviterer alle til ein ettermiddagstur til Brokabakkane, der du mellom anna kan høyre meir om den unike fjellheimen i Fjaler. 

Program:

1600: Oppmøte ved tuntreet i Klokkargarden om du treng skyss, elles oppmøte Einehaugane.

          Køyrer til Einehaugane

          Vandring med felespel til Brokabakkane

1640: Forteljing på Brokabakkane, allsong og felespel. 

Ord ved:

  • Ordførar i Fjaler, Leif Jarle Espedal
  • Rolf Kleiven i Dale il stigruppa
  • Leiar i Fjordkysten regional- og geopark, Trude Søilen
  • Geolog i Fjordkystparken Espen Bråstein
  • Even Vie frå Sunnfjord geosenter: Om geologien i området

Turen går vidare til Østenstad før vi går samla ned att.

Bli med på ein ettermiddagstur der du kan lære meir om fjellheimen i Fjaler, om Fjordkystparken og episentera der. 

Ca. 1800: Tilbake i Dale

Ta med familien og bli med å markere saman med oss!
I samarbeid med Fjordkysten regional - og geopark.

Arrangementet er gratis og ein del av Forteljekunstakademiet. Seinare same kveld kan du bli med på ein kveld i Løa, der vi deler favorittdikt – med særleg vekt på Jakob Sande sine verk. Inspirert av Hartvig Kirans NRK-program Ønskediktet, hyllar vi dikt som betyr noko for oss. Ta med ditt favorittdikt, eller kom for å lytte og bli inspirert. Alle er velkomne!

Forsidebilde: Utsnitt av formidlingskart teikna av Eva Meier.

Kalender

Kva skjer hos oss?

31.
oktober
18:00

Grøss og gru i Klokkargarden

Det blir grøss og gru i tunet i år også. Kom i Klokkargarden fredag 31.10 til spenning, skrekk og gru.

25. - 26.
mars
10:00 – 17:30

Sandeseminaret 2026

Sett av dagane allereie no og bli med på dette faglege seminaret om munnleg og skriftleg forteljekunst våren 2026.

7. - 9.
august
11:27

Fest i Fjaler 2026

Set av helga 7.-9. august 2026. Då vert det atter ein gong Fest i Fjaler.

Kalender

Kva skjer hos oss?

31.
oktober
18:00

Grøss og gru i Klokkargarden

Det blir grøss og gru i tunet i år også. Kom i Klokkargarden fredag 31.10 til spenning, skrekk og gru.

25.
mars
10:00 – 17:30

Sandeseminaret 2026

Sett av dagane allereie no og bli med på dette faglege seminaret om munnleg og skriftleg forteljekunst våren 2026.

7.
august
11:27

Fest i Fjaler 2026

Set av helga 7.-9. august 2026. Då vert det atter ein gong Fest i Fjaler.