Folkemusikkpub i Løa

Folkemusikklaget Havbrusen med vener inviterer til spel og opa scene i Løa.

7. november, 20:00 – 00:00

Anten du kjem for å møte vener, drikke øl, høyre på levande musikk, eller bidra med eit instrument vert det garantert god stemning i Løa denne kvelden.

Folkemusikklaget Havbrusen med vener inviterer til opa scene, og her vert det ulike musikkinnslag med folkemusikken som raud tråd. Har du lyst til å spele sjølv, så er scena open for alle, og alle kan henge seg på.

Baren opnar kl. 2000 og opa scene klokka 2015. Inngongsbillett er kr. 100. Vel møtt til folkemusikkpub i Løa!

Ta gjerne kontakt med Marie Stølen (tlf. 98224631) om musikalske innslag.

Kalender

Kva skjer hos oss?

16. september 16:00 – 17:00

Redaksjonsmøtet

Ungdomsredaksjonen møtast for å jobbe med det vi vil lage etter Teaterfestivalen i Fjaler.

19. september 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

25. september 10:00 – 16:00

Utdeling av Samlagsprisen og seminar

Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug! Øyehaug får prisen for heile forfattarskapen sin og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.