Kunstnarpresentasjon med Camilla Løken Hill i residens

Camilla Løken Hill er kunstnar i residens ved Sandesenteret! Laurdag 25. oktober kl. 12 vert det ur-presentasjon av verket hennar "Søvnhviskeren og drømmesiler" i skulehuset!

25. oktober, 12:00 – 13:00

Camilla Løken Hill er i residens i Sandesenteret. Camilla er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo, og arbeider hovudsakleg med skulptur og installasjonar. Sidan 2017 har ho budd og arbeidd i Stavanger-regionen.

I hennar praksis tek ho utgangspunkt i det universelle, noko alle kan kjenne seg att i. Ho er opptatt av det som knyt oss saman, på tvers av kjønn, alder og kultur. Inspirasjon til arbeidet hentar ho frå natur, draumar og mystikk, saman med ei interesse for korleis liv oppstod og kva som skjer når vi døyr, både på eit fysisk og spirituelt plan.

Under opphaldet ved Jakob Sande – senter for forteljekunst arbeider ho med tekstutvikling til eit lydverk. Verket er ein del av eit kunstprosjekt med tittelen Søvnhviskeren og drømmesiler. Innhaldet i teksten vil vere ein usamanhengande flyt av ord som kan minna om Lorem ipsum; ein meiningslaus pseudolatinsk tekst. Målet er at det skal vere ein søvndyssande lyd av ord og setningar, der publikum vert invitert til å slappe av og kanskje til og med ta seg ein dupp?

Camilla Løken Hill vil gje ein kort introduksjon til sin kunstnariske praksis og fortelje kort om nokre av hennar hovudverk. Det vert opna opp for dialog og innspel frå publikum. Velkomen til ei ur-presentasjon av Søvnhviskeren, i Skulehuset laurdag 25. oktober kl. 12–13. Kunstnaren lagar ferskt grytebrød til arrangementet.

Gratis inngong med høve til å kjøpe seg mat og drikke. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

15. juli 10:00 – 14:00

Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

16. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

17. juli 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.