Besøk oss

Oversynsbilete over Klokkargarden. Foto: David Zadig

Velkomen til oss her i Jakob Sande - tunet. Vi held til i Klokkargarden, som var Fjaler kommune sin klokkar- og lærargard frå 1862. Både bestefar og far til Jakob Sande var klokkarar og budde her. No er Klokkargarden eig av Jakob Sande - selskapet og hovudsete for Jakob Sande - senter for forteljekunst. Senteret har nasjonalt verkeområde, men har røtene sine godt planta på staden der Jakob Sande vart fødd og vaks opp. 

Her i Sande-tunet driftar vi desse bygga:

  • Bestefarstaua, stova der Jakob Sande vart fødd, som no husar museumssamling og utstilling.
  • Våningshuset, barndomsheimen til Jakob Sande, som no er kontor og residensbustad.
  • Løa, ombygd til kulturhus der vi har arrangement, møter og driv utleige.
  • Gamle skulehuset, eig av Fjaler kommune, som idag fungerer som bokhandel, krambu og kafè. 

I tunet står også ein liten garasje og eit grindebygg. 

Planlegg du eit besøk til oss?

Du finn oss i Nikka Vonens veg 31-35, 6963 Dale i Sunnfjord i Fjaler.

I Fjaler finn du også Teaterfestivalen i Fjaler, som arrangerast kvart år i september, du finn Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen, PreForm og kulturhuset Samvirket, den internasjonale skulen Red Cross United World College og ei spennande skule- og industrihistorie.

Du finn meir informasjon om tilboda våre i menyen og kontaktinformasjonen vår under tilsette. Ta kontakt om du treng råd til reiseveg, overnatting eller har andre spørsmål.