Bokhandel og krambu i Gamle skulehuset

Det vesle, gamle skulehuset ligg fint plassert på Fjaler kommune sin tusenårsstad og mellom det gamle kommunehuset, kyrkja, folkebadet (no kringebu) og tunet inn til Klokkargarden. Foto: Marcus Solheim

Det gamle skulehuset til Fjaler kommune står som ein inngongsport til Jakob Sande - senter for forteljekunst, og har sidan 2021 blitt brukt av senteret som møtestad, forteljehus, bokhandel og krambu. I sommarsesongen er det ope kvar dag, unnateke måndagar, med ungdom som vertsskap. Det er elles i året ope kvar laurdag. 

I Gamle skulehuset finn du lokal litteratur, ny nynorsk litteratur, eigne produkt som koppar, handduk, t-skjorter og notatbøker, samt ein liten kafè.

 

Opningstider:

Laurdagar kl. 11 - 14. 

Forteljekoppen og handduk frå eigen produksjon. Teikna av Eva Meier, produsert av Figgjo og Ekelund.