Om Jakob Sande-selskapet

Jakob Sande-selskapet vart stifta i 1991 på diktaren sin fødselsdag, 1. desember i Dale. Bak stiftinga stod Jakob Sande - vener frå heile Noreg.

Føremålet med selskapet var å styrke interessa for Jakob Sande sitt forfattarskap og anna kunstnarleg verksemd ved å:

  • Sjå til at Jakob Sande sine bøker og anna litterær verksemd vert gjort tilgjengeleg for ålmenta
  • Arbeide med utgjeving av publikasjonar om kunstnaren og hans produksjon
  • Arrangere årlege Jakob Sande-arrangement i Fjaler

Frå starten og dei fyrste fire åra var Magne Bjergene leiar. I 1995 tok Kari Grov over og gjorde ein stor innsats fram til 2002. Både Magne og Kari har fått tildelt Fjaler kommune sin kulturpris for innsatsen sin for Jakob Sande-selskapet. Leonie Merts-Koning tok på seg vervet dei to neste åra og frå mai 2005 - 2015 var Margrete Reisæter leiar for selskapet. Deretter tok Terje Lyngstad over for eit år, før Edvin Helgheim vart vald til styreleiar frå 2017  til sommar 2019. Deretter gjekk Margrete Reisæter inn som konstituert styreleiar. I 2020 gjekk Trude Høgseth Felde inn som ny styreleiar for selskapet og sit framleis. 

Selskapet har i åra det har eksistert, fått utretta svært mykje, med god hjelp frå ei rekkje dugnadsfolk, Fjaler kommune og andre. Tiltak som kan nemnast: årlege Kobbeskjerkveldar og litteraturseminar, utgjeving av årbøker annakvart år (fram til 2015), utgjeving av kassett/cd ”Jakob Sande les Jakob Sande”, konsertarrangør i Dale og Oslo, oppsetting av friluftsteateret ”Jubelhornet” (1992), dramatisert av Rolf Losnegård til musikk av Kåre Sandvik, og selskapet har vore pådrivar bak reisinga av statua ”Vesle Daniel” i parken i Dale (2002). 

Selskapet var i 1997 primus motor i lag med Fjaler kommune og ei rekkje luteigarar for overtaking av Klokkargarden. I samarbeid med eigedomsstiftinga vart Bestefarsstaua sett i stand (2000) med Jakob Sande-skattar. Selskapet og stiftinga vart til eitt i 2007 og sette i gong renovering av Løa (2010) og til sist våningshuset (2016) og har med dette utvikla garden til ein kjær stad å vitje for folk frå fjern og nær. 

I 2019 tok selskapet eit nytt løft for å utvikle eit senter for forteljekunst på Vestlandet. Som følge av støtte frå fylke, kommune og staten kunne vi 15. august 2020 opne Jakob Sande - senter for forteljekunst.

Liv Hege Skagestad vart i 2019 hyra inn til forprosjektet selskapet hadde i 2018–2019, frå 2020 vart ho vidare engasjert til å leie arbeidet med oppbygginga av Sande-senteret. Saman med tunvert Margrete Reisæter, tunvert og formidlar Rakel Cecilie Wilhelmsen Solheim og eit aktivt styre og samarbeidspartnarar, medlem og støttespelarar kunne selskapet opne det første nasjonale forteljekunstsenteret i Jakob Sande sitt namn. Rakel C.W. Solheim gjekk inn som dagleg leiar for Jakob Sande-senteret frå hausten 2022.