Litteratursalong med Arill Riise

I dette sommarprogrammet møter vi Arill Riise, som vil fortelje om oppvekst og hendingar i klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden.

13. juli, 15:00 – 16:00

Foto: Espen Solli

Då TV-profilen Arill Riise var ni år gammal vart heimen han budde i, og resten av klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden, tatt av snøskred. Eit heilt lite samfunn vart utradert denne skjebnemorgonen i februar 1968. Av dei tre som omkom, var fire år gamle Ivar, velebroren til Arill.

I Der ingen var einsam skildrar journalist Arill Riise kva som gjekk tapt då klyngetunet vart rive bort. Dette er historia om korleis det var å bu så tett på kvarandre i denne buforma som nærast ikkje finst lengre. Det som blir kalla «Den norske landsbyen».

Vi blir kjent med sterke karakterar i dramatiske og underhaldande historier. Om tyske soldatar som drep i fredsdagar, barn som forsvinn og arvesynd som pregar liv i ei ny tid. Dette er ei gripande, nær og  varm forteljing om menneske som levde tett på kvarandre og fargela livet når det blei for mykje kvardag. Som mora til Arill, Ragna Riise, sa: «Det var eit godt liv. For ingen var einsam på Riise».

Frå boka

Trykket under snøen var uuthaldeleg. Det var som eg var støypt i betong. Eg var sikker på at heile taket låg over meg, og eg ropte på mor og far om at dei måtte kome og hjelpe, men det var heilt stille og svart. Eg kjende ikkje beina mine, eller hendene. Eg visste ikkje om eg låg opp eller ned. Det var då eg sa det inni meg: Dette klarer du ikkje. Dette må ta slutt. No forlèt eg denne verda.
 

Programmet er ein del av sommarprogrammet på Sandesenteret, der årets sommarvertar er vertskap. Sommarvertane held boksal etter programmet, der du kan sikre deg ei signert utgåve.

Billettar kan kjøpast på Ticketco eller i døra.

Kalender

Kva skjer hos oss?

15. juli 10:00 – 14:00

Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

16. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

17. juli 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.