Sandesenteret og Fjaler folkebibliotek treng hjelp frå alle unge etterforskarar i haustferien.
Vesle Daniel skal ut i verda, og gjer kista klar i denne stund. Men noko er gale...
Tinga han hadde pakka i kista - reisenista, pengane, salmeboka og skilderiet frå Mari - er forsvunne. Og kor er eigentleg Daniel blitt av?
Snart legg skipet frå kai, og då må Vesle Daniel vere om bord.
Klarer du å følge spora og finne ut kva som har skjedd før det er for seint?
Møt opp i Gamle skulehuset og start etterforskinga.
Etterforskinga pågår laurdag 11-14.
P.S: Kom i lag med ein som kan lese.
Premie til alle som deltek.
Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.
Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.
Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.