Jakob Sande vart fødd 1. desember 1906 i Bestefarstaua i Klokkargarden i Dale, og døydde 16. mars 1967 på Ullevål sjukehus.
Jakob vaks opp i ein liberal og samfunnsengasjert heim. Faren, Andreas Sande, var lærar, klokkar og ordførar, venstremann og målmann, ein kjend kombinasjon for mange bygdeleiarar på Vestlandet den tid. Mora, Ragna Margrethe f. Barsnes, var interessert i litteratur og ei samlande kraft i heimen, som var open og utadvendt, der mykje folk kom og gjekk i møte med ordføraren. Med denne bakgrunnen fekk Jakob Sande kontakt med mange sider av bygda. Han stod i ei sosial mellomstilling, møtte alle lag av folket og kunne sjå både oppover og nedover samfunnsstigen.
Toleranse og vidsyn prega heimen, med ein viss skepsis til lekmannsrørslene, men samstundes visste familien kvar i samfunnet dei høyrde heime.
Musikk og song var ein vesentleg del av tilværet. Jakob og syskena arva songrøyst og musikalitet og fekk opplæring i kvar sine instrument. Jakob spela fele, som faren; seinare gjekk han over til å spele lutt. Og han har sjølv i intervju sagt at musikken var utgangspunktet for diktinga.
Bygda Dale har sjølvsagt og prega Sande på godt og vondt. I Dale fann ein eit sterkt og sjølvmedvite, om enn lite, lag av kondisjonerte; ei lita, men veksande industriarbeidarklasse og ei stor gruppe bønder og småbrukarar. Mellomkrigstida førte til stagnasjon, og angsten for det daglege brød, for sjukdom og død, var sterk. Den materielle skorten gav god grobotn for misunning og avundsykje. Det som kanskje mest hadde skapt slike kjensler, var utskiftinga av jord. Striden om dei små jordlappane og skogteigane kunne bryte opp venskap og splitte naboskap; ikkje ein gong slektskap heldt når stridane enda i rettssalen.
Og likevel, mang ein gong kunne ein sjå at når ulukka var ute, så kjende naboar og slektningar at fiendskap fekk vere; ein laut trå til og hjelpe likevel.
Ei gruppe menneske kom på utsida av systemet, nemleg taterane. I Dale budde ein fastbuande familie. Alt i alt kan ein seie at bygda Dale var ei mindre homogen bygd enn mange av dei andre bygdene i distriktet, meir eit sentrum på linje med Førde, med dei avstandar og spenningar som fanst i slike bygder.
Som evnerik lærarson måtte Jakob gå skulevegen. Han gjekk gymnaset på Eid, med eitt år på Sandane, og byrja å studere i Oslo i 1926. Seks år seinare var han lektor med hovudfag i norsk og med tysk og historie som bifag. Han gjorde og ferdig ei diktsamling, nemleg " Svarte næter", som kom i 1929 på Gyldendal Norsk Forlag. Å vere "bondestudent" var ikkje lett. Økonomisk var det knapt, og sjølv om han fekk låne pengar i sparebanken mot kausjon, måtte han spinke og spare så godt han kunne. Forholda har han skrive om i ein artikkel i Dagbladet 22.10.1933 og i diktsamlinga "Storm frå vest". I Oslo møtte han eit radikalt miljø. Sjølv om han ikkje var medlem av nokon radikal organisasjon, er det ikkje tvil om kvar han henta mange av ideane sine. Dette var i "Mot Dag"- perioden, som du kan lese om i litteraturhistoria.
For diktaren og mennesket Sande fekk det eine året med sjømannsliv mykje å seie. I 1932 mønstra han nemleg på "Villanger" og følgde med til Canada og Sør-Amerika. Han hadde då ein skriveavtale med Dagbladet, slik at folk heime frå tid til anna kunne lese om opplevingane og observasjonane hans. Som kjent vart også diktsamlinga "Frå Sunnfjord til Rio" til på denne turen. I 1992 vart det gitt ut ei samling av reisebreva hans frå denne turen: "Sjømannen Jakob Sande".
I 1935, same året som "Straumar i djupet" kom ut, tok han til med lærargjerninga som lektor ved Fredrikstad kommunale høiere almenskole. Der var han fram til 1945, då han flytte med familien til Oslo, til Ullern skole. Han gifte seg i 1942 med Solveig Ytterlid, og dei fekk dottera Siri i 1943. Ekteskapet vart oppløyst i 1952.
Jakob Sande var ein av dei fremste norske lyrikarane på 1900-talet. Han ga i alt ut ni diktsamlingar og tre novellesamlingar. Desse fekk desse titlane og årtala:
Svarte næter. Dikt (1929)
Storm frå vest. Dikt (1931)
Frå Sunnfjord til Rio. Dikt (1933)
Straumar i djupet. Noveller (1935)
Villskog. Dikt (1936)
Krossen og sleggja. Dikt i utval 1929-1939 (1939)
Guten og grenda. Dikt (1945)
Skarlagensnora. Noveller (1946)
Dikt i utval (1950)
Korn og klunger. Dikt (1950)
Sirius. Dikt (1955)
Dikt i samling (1956)
Skreddarsveinen og andre viser (1958)
Det kveldar på Kobbeskjer. Dikt (1961)
Noveller i samling (1964)
Døme på kjende dikt er:
På slutten 50-talet bygde han seg hytte på Kobbeskjeret i Flekke i Fjaler og var der om sommaren. Først i 1963 tok han avgjerda om å slutte som lærar og satse heilt på diktinga. Han fekk då eit arbeidsstipend på 15 000 kr. med lovnad om tildeling og i - 64 og - 65. I ettertid ser vi at dette var for seint. Han var alt mykje plaga av sjukdom, berre fire år seinare døydde han på Ullevål sjukehus.
Henta frå "Vegar i Jakob Sandes dikting", (Eide, Svensøy og Øvrebust 1993) utgitt av Jakob Sande-selskapet med nokre tillegg.
Familien Sande fotografert i Klokkargarden