På sporet av Nikka Vonens hage på Steia Gard

Hagen til Nikka Vonen, knytt til pikeskolen på Steia Gard, var vakkert opparbeida med stiar, lysthus, blomar og tre. No er hagen endra, men spora etter det som ein gong var, finst framleis. I denne bolken inviterer vi til vandring, samtale og refleksjon om hagen si historie og mogleg framtid.

20. juni, 15:00

Då Nikka Vonen dreiv pikeskule på Steia Gard i Dale, var hagen hennar eit syn for auga. Broren Pavel hadde bygd lysthus, paviljong og hundehus. Roser og stauder blømde, og hagen var laga for at småpikene kunne nytte han både til læring og kvile.

I dag ser hagen annleis ut. Han er ikkje lenger slik han ein gong var. Men spora finst framleis. Dei kan enno fortelje historier frå ei anna tid. Vi let oss inspirere av minna frå den hemmelege hagen og Nikkas Rosenlund – og saman ser vi føre oss korleis hagen kan vakne til liv igjen.

Møt eigaren av Steia Gard, Hans Bjarne Haugen, kunsthistorikar Alexander A. Rauboti, kunstnar Erik Hovland, Liv Hege Skagestad og Rakel C. W. Solheim i denne bolken. Her lærer vi oss å sjå – sjå tilbake, sjå fram – saman. Erik Hovland leier ei økt om å sjå, om å finne utsnitt og komposisjonar. Det vert samtale, vandring, ei oppdagingsferd – og eit blikk på vegen vidare.

Etterpå kan du ta turen vidare til open kafé og utsal i Kringlebua og Jonsokfeiring i Klokkargarden.

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.