Kafe med verkstad for born - lag bokmerke og armband

I Gamle skulehuset kan du kome med borna til kafe, bokhandel og handarbeid. Malin Ødemark frå Husflidlaget lærer borna å lage Fest i Fjaler-armband og bokmerker.

9. august - 9. august, 11:00 – 15:00

På laurdag kan de ta med borna og lage bokmerker og armband i Gamle skulehuset, der det er ope bokhandel og kafe. 

Malin Ødemark frå Sogn og Fjordane Husflidslag er kunst- og handverkslærar og har jobba kreativt med mange ulike teknikkar sidan ho var lita. På laurdag under Fest i Fjaler kan små og store kome til Gamle skulehuset til ein kreativ verkstad. 

Kafeen og bokhandelen er open, og kl. 13 kan de få med dykk den fargerike framsyninga med dans og musikk Internasjonal fabeldag i tunet med Luethi-Peterson-leiren (LPC) på Heggnes.

I tunet er det også opa forteljeløype med postar rundt i tunet, og sal av pizza og is. 

Gratis inngong. 

Vel møtt!

Kalender

Kva skjer hos oss?

15. juli 10:00 – 14:00

Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

16. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

17. juli 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.