Fest i Fjaler: Augustikveld på Samvirket

Vi feirar forteljekunsten og markerer at Jakob Sande - nasjonalt senter for forteljekunst er 5 år med eit variert program frå scena i Samvirket kulturhus.

9. august, 20:00 – 00:00

Utdrag frå programmet:

Prolog ved Halvor Folgerø

Forteljing ved Kjetil S. Stavenes

Diktlesing ved festdiktar Kjersti Wøien Håland

Helsing ved Siri Sande

Utdeling av Jakob Sandes ærespris ved kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery

Allsong ved Jan Haugen, Jørgen Alisøy og Trude Høgseth Felde

Helsingar frå politikarar i kommune, fylke og stat

Diktlesing ved Madina Darwazi 

Nye tonar frå Baksaas+Høyer

Nattspel med Mute Mode 

Kveldens konferansier er Irene Kinunda Afriyie i samspel med Trude G. H. Felde.

Om det vert dårleg vær vert Augustikveld i Samvirket.  

Då Gud heldt fest i Fjaler  (skrive 10.august 1954)

 

Eg skal ikkje gløyme kvelden, augustikvelden, du veit,

eg lå utmed stranda og pilka den stunda då fisken beit.

I vest stod ei diger kveldsol og lutte mot himmelrand,

men det var ei jordisk kveldsol som skein på ei jordisk strand.

 

Då var det som alt vart omskapt, eg merka det litt i senn.

Eg var som Johannes på Patmos, Patmos i bibelen.

Former og fargar skifte på strender og firmament,

det som var kjent, vart ukjent, og det som var ukjent, kjent.

 

Eg såg meg ikring forbina, og vende meg fyrst mot aust,

der tempel imot meg lyste istadenfor gamle naust.

Og høgt over spir og kuplar slo regnbogen opp sin krans

mot veldige, ville snøfjell, lauga i måneglans.

 

Då såg eg kometen komme, han kom som ein storm frå sør,

og drog over himmelkvelven sitt blodraue ris av glør.

Velsigna og høgt forbanna han sigla sin kurs mor nord,

til berre ein gyllen avglans låg att over fjell og ford.

 

Fargen i sjøen skifte frå blodraud til silkeblå,

og småfisk kring ripa leika med gylte kruner på.

- Botten på femti famnar låg som eit eventyr

med skimt gjenom myrk koralskog av storfisk og fabeldyr.

 

Fjøra med fuglelivet og skogen i lia der

låg omskapt for augo mine, og kom meg med eitt so nær.

I staden for tjeld og hegre steig ibis og pelilkan,

og palmer og seder susa der før det stod bjørk og gran.

 

Då var det eg høyrde songen frå slippen på Salbu strand,

og ut gjenom stengde portar kom syndarar hand i hand.

Med hammar og tong dei helsa eitkvart som dei såg i sky,

- eg trur at dei såg mot Staden, Jerusalem, Herrens by.

 

Eg skal ikkje gløyme kvelden, det var ein augustikveld,

Vårherre heldt fest for folket i Fjaler prestegjeld,

- Bergens Stift, som det heitte, - Ytre Sunnfjord prosti.

Gud unne oss alle nåden når timen vår er forbi.

 

                     Jakob Sande

frå samlinga Sirius, 1955.

Kalender

Kva skjer hos oss?

15. juli 10:00 – 14:00

Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

16. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

17. juli 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.