Fotballforfattaren frå Bryne les og fortel

Denne veka arrangerer vi akademi i munnleg og skriftleg forteljekunst i Jakob Sande-senteret. Det er i hovudsak programpostar for vaksne og unge vaksne. MEN sidan vi no har besøk av Fotballforfattaren frå Bryne Ørjan Zazzera Johansen, klarar vi ikkje la vere å invitere alle unge fotballentusiastar i bygda til eit spontant program med Ørjan, der han fortel og les.

18. juni, 18:00

Ørjan Zazzera Johansen er forfattar og lesevitar. Han slutta å spele fotball for tjue år sidan, men drøymer framleis om å bli proff. Ørjan har skrive fleire fotballbøker, mellom anna Historia om Erling Braut Haaland (2022), som både er nominert til ARKs barnebokpris og Bokslukerprisen. Ørjan arbeider som formidlar og lesevitar ved Garborgsenteret.

 – Det som imponerer meg aller mest, er kor kjapp Erling Braut Haaland er i hovudet. Han reagerer så fort, veit kvar alle på bana er, les medspelarane sine og klarer å styre eit knallhardt innlegg rett i mål. Det handlar sjølvsagt om mykje trening, men der er også noko meir, og det er nok mest mentalt, seier Johansen.

Velkomen i Jakob Sande - tunet til eit møte med Ørjan Zazzera Johansen onsdag 18.6 kl.18. 

Det kostar ein femtilapp for små å bli med, åtti for store. Betalast i døra i Løa (oppe).  

Det er høve til å kjøpe signert utgåve av Haaland-bøkene hans i etterkant av programmet. 

 

Kalender

Kva skjer hos oss?

15. juli 10:00 – 14:00

Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

16. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

17. juli 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.