Denne hausten deler vi eit nytt dikt kvar veke. Denne veka er det diktet Åse fantemor frå samlinga Storm frå vest vi presenterer.
I ettermiddag klokka 18 markerer vi fødedagen til Nikka Vonen med ei vandring og ein samtale. På markeringa vil du få høyre meir om det nystifta Nikka Vonen venelaget. Eit venelag med føremål om å styrkje interessa for Nikka Vonen si verksemd og skule- og danningshistoria i Dale. Vel møtt!
i SP sitt alternativ til statsbudsjett ligg Sandesenteret inne med ein solid auke. Får vi det gjennom kan vi sikre eit sterkare fagmiljø ved senteret og ei varig organisering.
Eva Meier har skapt illustrasjonane på koppane i Sandesenteret. No har ho skapt ein ny kopp inspirert av gründerverksemd og industri langs Dalsfjorden.
Anna Schmideder har skapt ei ny bok inspirert av bøkkerverksemd langs Dalsfjorden. Under residensopphald på NKD og i Sandesenteret, vart Anna kjend med mange lokale personar som har lært ho mykje om bøkkerverksemd, om handverksteknikkar og materialval. Desse samtalane og denne forskinga har munna ut i ei heilt eiga bok som vert lansert i Fjaler 29.11.25.
Aldri før har så mange søkt om opphald i residensen. Blant søkjarane er både nye og etablerte namn innan litteratur, forteljekunst, scenekunst, visuell kunst og musikk. – Det ligg an til å bli eit rikt år. Interessa viser at residensen har blitt ein attraktiv møteplass for kunstnarleg arbeid, seier dagleg leiar Rakel C.W. Solheim.
Sandesenteret har fått støtte frå Fritt Ord til utgåva "Verda slik vi kjenner ho".
Frå diktsamlinga Guten og grenda (1945) finn vi denne vekas dikt, Det gamle tunet.
Søknadsfrist for opphald i 2026 er 1. november 2025.
Det riggast og rører seg i Klokkargarden, noko skummelt er på gang! Valfaggruppa "Produksjon for scene", teatergruppa og koret Dekor jr. ved Kulturskulen i HAF byr på ei stemningsfull oppleving full av teater, song og aktivitetar. Tør du å kome?
Sande-diktet denne veka er "Husdråpa", og det er henta frå samlinga Storm frå vest. Husdråpa (norrønt Húsdrápa) er ei dråpe, eit skaldekvad frå om lag 985, som er teke vare på i Den yngre Edda. Med diktet tek Sande eit etterlengta farvel til ein hybel i hovudstaden.
Langt inn i bergi blåe er der ikkje haust og vetter, der er ikkje natt og dag, skriv Jakob Sande i diktet "Ballade".
Hanus G. Johansen (1950–2025) gjekk bort i helga. Vi vil særleg hugse han for entusiasmen hans for, og dei sterke tolkingane av, Jakob Sande sine tekstar.
Diktet denne veka er henta frå samlinga Frå Sunnfjord til Rio (1933). Diktet er omsett til færøysk av Hákun Djurhuus og er tonesett av fleire, mellom anna Hanus G. Johansen, Geir Tveitt og Aftenlandet.
Kan vi skape verdsfred? Denne veka handlar det om dei store spørsmåla her i Jakob Sande - senter for forteljekunst. Ungdommar frå UWC og Dale vgs jobbar saman med fagfolk frå Den Mangfaldige scenen om demokrati, ytringsfridom og likeverd.
Mari Elise Haugen, Kjersti Wøien Håland og Sofia Knudsen Estifano er i residens i Jakob Sande-senteret. I løpet av opphaldet inviterer dei til ei arbeidsvising.
"Dyveldi" er vekas dikt. Også denne vekas dikt er henta frå debutsamlinga til Jakob Sande, "svarte næter" frå 1929. Dyveldi kjem av Dyvel = djevel, frå lågtysk.
Kjersti Wøien Håland var årets festdiktar på Fest i Fjaler. Til festhelga skapte ho eit tingingsverk som fekk urframføring under «Augustikveld på Samvirket». Diktet har tittelen «det som rimar».
- Jaja er eit tidsskrift om og med forteljekunst, for ålmenta, for den undrande, for den som vil eksperimentere, sa Gunnstein Akselberg under lanseringa av den første papirutgåva av Tidsskriftet Jaja.
På Fest i Fjaler feira vi forteljekunsten og markerte at det er fem år sidan etableringa av forteljekunstsenteret i Fjaler. Her kan du sjå glimt frå feiringa.
Kvar veke deler vi eit dikt av Jakob Sande. Følg med og bli enno betre kjend med den folkekjære diktaren frå Fjaler. Bondesalme er eit dikt frå debutsamlinga til Jakob Sande frå 1929. Ein hyllest til bonden.
Våre gode vener i Teaterfestivalen i Fjaler går nye vegar med årets festival. Jakob Sande-senteret er stolt samarbeidspart, med festivaldeltakarar, artistar og produksjonsteam i tunet heile veka, den store bygdefesten i Klokkargarden laurdag, og utvida opningstid i bokhandel og kafe.
Maria Drangeid er utdanna nordist og teaterregissør. No er ho i residens i Jakob Sande sin barndomsheim for å jobbe med dramatiseringa av romanen "Mitt liv som hund" av Reidar Jönsson. Boka skal bli teater for fyrste gong, og har premiere på Trøndelag Teater i desember.
Under Fest i Fjaler vart Jakob Sandes ærespris for 2025 delt ut. Prisen vart delt ut av Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Nynorskstipendet til Vestland fylkeskommune er på 150 000 kroner og blir delt ut for første gong i 2025. Fristen for å nominere kandidatar er 15. september.
Innkalling til stiftingsmøte for Nikka Vonen-venelag Tidspunkt: 7.8.2025 kl. 16.30 Stad: Grønnestuen, Steia Gard Dagsorden: 1. Godkjenning av innkalling og dagsorden 2. Val av ordstyrar 3. Val av referent og to som skal signere stiftingsdokumentet 4. Vedtak av namn på og formål med organisasjonen 5. Vedtak av vedtekter 6. Val av styre 7. Eventuelt
Forteljing er sjølve kjernen i kven vi er – som individ og kultur. Gjennom forteljekunst finn vi måtar å forstå kvarandre og oss sjølve på. I Dale i Sunnfjord har Noreg fått sitt nasjonale senter for forteljekunst, ei naudsynt satsing i ei tid der fellesskap og menneskeleg nærvær er utfordra.
Våre sommarvertar ønskjer velkomne i Jakob Sande-tunet gjennom heile sommaren. Dei held ope i Gamle skulehuset og i tunet tysdag-sundag 11-16, og held omvisingar i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor tysdag-fredag kl.13.
Den folkekjære forteljekunstnaren og skodespelaren Jon Eikemo har gått bort. Vi vil særleg hugse han for hans store engasjement for Jakob Sande si dikting, som han bar fram med kraft, klokskap og varme.
Laurdag 7. juni besøker Jakob Sande - senter for forteljekunst Hyllestad og den årlege kvernsteinsmarknaden der. På standen finn du informasjon om Jakob Sandesenteret, eigne produkt som koppar, t-skjorter, bøker og dukar, samt aktuell nynorsk litteratur.
I juni tek Jakob Sande – senter for forteljekunst imot 22 elevar frå helse- og oppvekstfag ved Dale vidaregåande skule til to dagar med kurs og verkstader i skapande skriving og formidling, danning og fellesskap. Akademiet er ein pilot for eit programfag i skapande skriving og forteljekunst i den vidaregåande skulen.
Under Forteljekunstakademiet er fleire av programpostane på Steia Gard, staden der Nikka Vonen dreiv skule for jenter mellom 1869 - 1907. Under programposten "På sporet av Nikka Vonens hage på Steia Gard" vil vi freiste samle ulike menneske med eit engasjement for Nikka og skulen hennar, og stifte eit eige venelag.
Unge sommarvertar får no opplæring i å formidle kystkultur og lokal historie på ein levande og personleg måte. Gjennom stemmebruk, øving i forteljeteknikkar og manus, skal dei bidra til å føre vidare den immaterielle kulturarven frå regionen.
Alle kulturskuleelevane på dans, teater og musikk i Kulturskulen i Fjaler er i full sving med å øve inn musikalen "Ein draumefabel", som Jakob Sande - senter for forteljekunst har skrive manus til. Musikalen har premiere 13. juni på Samvirket scene.
Med skarpt blikk, leikande språk og stor kjensle for det som rører seg i unge liv, har Kjersti Wøien Håland markert seg som ei viktig røyst i norsk litteratur. Ho skriv på nynorsk og løftar fram erfaringar frå distriktsungdom og unge vaksne – ofte med humor, alvor og ei særegen evne til å røre lesaren. No er ho årets festdiktar under Fest i Fjaler.
Sandesenteret feirar fem år som Noregs første forteljekunstsenter under Fest i Fjaler 08.-10. august. Sidan opninga i 2020 har senteret etablert seg som ein sentral aktør innan forteljekunst og nynorsk kulturformidling. Under Fest i Fjaler markerer vi jubileet med eit variert program som spenner frå prisutdeling og tidsskriftlansering til samtalar, urframføringar, musikk, dans og forteljingar. Bli med på feiringa!
Pedro Vincent Dias Bergheim, stipendiat i pedagogisk filosofi ved Universitetet i Bergen, er årets akademi-filosof under Forteljekunstakademiet i Fjaler 18. - 20. juni. Med ein solid bakgrunn innan filosofi frå Universitet i Frankrike, Brasil og Portugal, kombinert med erfaring som lektor i filosofi og fransk, er Bergheim ein sentral bidragsytar til årets program. Gjennom foredrag og filosofisk kafé vil Bergheim utforske spørsmål om danning, refleksjon og kva det betyr å finne ro i ei hektisk verd. Han bidreg òg med kunstnarisk innslag under Jonsokfeiringa fredag kveld.
Dagen etter vi markerte Nynorskdagen, kom førskuleungane frå Våge - og Flekke barnehage til Sande-tunet for å motta sine bokpakkar. Under Sandeseminaret 3.-4. april lanserte vi “Fjaler les”, der alle førskuleungar i Fjaler får ein bokpakke med nynorsk kvalitetslitteratur med oppmoding om lesande heimar. Gjennom forteljing, høgtlesing, teikning og ei lita omvising fekk førskuleungane bli litt betre kjend med Sandesenteret, og vi litt betre kjende med dei.
Bli med på akademi over tre dagar, der du kan utvikle evnene dine innom munnleg og skriftleg forteljekunst. 18. - 20. juni arrangerer vi akademi med kurs, samtalar, føredrag og vandringar i Jakob Sande - tunet og i Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Begge kulturmiljø som har vore, og framleis er, stader for utvikling og fellesskap.
På frigjeringsdagen 8. mai, inviterte Jakob Sande-senter for forteljekunst og Musea i Sogn og Fjordane ved Kvernsteinsparken til Bygningsverndag på Steia Gard, staden der Nikka Vonen dreiv skule for jenter mellom 1871-1907, og ga dei opplæring i mellom anna sløyd, soge, naturbruk og danning.
Fjordkysten regional- og geopark er godkjend som ein UNESCO Global Geopark - ei høgthengjande utmerking for område med særskild unik geologi, natur og kultur på verdsbasis.
I dag er det verdas bokdag. Kvart år feirer UNESCO verdas bokdag for å anerkjenne krafta i bøkene og korleis den krafta kan byggje bru mellom generasjonar og på tvers av kulturar. Under Sandeseminaret 3.-4. april lanserte vi “Fjaler les”, der alle førskuleungar i Fjaler får ein bokpakke med nynorsk kvalitetslitteratur med oppmoding om lesande heimar. Prosjektet er eit samarbeid mellom Sandesenteret, Fjaler kommune, Samlaget og Fylkesbiblioteket.
Sandeseminaret er ein del av vårt arbeid for å bygge eit nasjonalt fagmiljø innom munnleg og skriftleg forteljekunst.
I august debuterer Jaja som fysisk tidsskrift. Her kan du kjøpe utgåva.
Vil du ha ein kreativ sommarjobb i eit unikt kulturmiljø? Vi ser etter deg mellom 17-26 år som vil prøve deg som vert og formidlar, ynskjer å bli betre kjend med diktaren Jakob Sande, og som kan løyse praktiske oppgåver. Søk sommarjobb hos oss i Jakob Sande - senter for forteljekunst!
Tidsskriftet Jaja er Jakob Sande senter for forteljekunst sitt tidsskrift om og med forteljekunst. Tredje utgåve har temaet: Kven trur du at du er?
Tidsskriftet Jaja søker bidrag til utgåve #4 med tema: VERDA SLIK VI KJENNER HO.