«The World as We Know It» - reisebrev frå eit USA i endring

Frå sin norske heimstad i over 20 år, følger den amerikanske fotografen David Zadig nyhendene frå det Trump-styrte heimlandet med uro. Våren 2025 reiser han til Boston for å vitje sin aldrande far, og lagar eit fotografisk reisebrev for Tidsskriftet Jaja. Under Forteljekunstakademiet fortel og syner han bilete frå reisa til eit USA i endring.

18. juni, 16:00 – 17:00

Kva kjenneteikner verda slik du kjenner ho? Kva vil du endre, og kva vil du ikkje miste?

Klima- og miljøendringane, teknologi-gigantane sitt klamme grep om merksemd og informasjonsstraumar, invasjonen av Ukraina, ytre høgre på frammarsj i Europa, dei massive åtaka på menneskerettane i Gaza, Sudan og Kongo, og dei mange menneska drivne på flukt.

Dette er berre nokre av hendingane som krev at vi spør oss kva som står på spel for verda slik vi kjenner ho, og i ei ny digital utgåve skal Tidsskriftet Jaja utforske dette spørsmålet.

Blant bidragsytarane er den Fjaler-baserte fotografen David Zadig, som kjem frå USA. Frå sin norske heimstad i 24 år, følger David dei opprivande endringane i Trump-styrte USA med frustrasjon og uro. Våren 2025 reiser han til fødebyen Boston for å vitje sin aldrande far. I eit fotografisk reisebrev dokumenterer han møta med vener og familie som mobiliserer i redsle, men og med humor, håp og amerikansk oppfinnsomhet.

18. juni kl. 16 kan du sjå bilete og høyre David fortelje frå reisa.

I Løa oppe, Jakob Sande - senter for forteljekunst. 
Stunda blir på engelsk.

Photo by David Zadig: Mobilisation of protest is beginning, as seen here on March 15 in Boston. This version of the Statue of Liberty clearly conveys her message.

Inngang: Kr. 100,-
 

Kalender

Kva skjer hos oss?

15. juli 10:00 – 14:00

Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

16. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

17. juli 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.