Sommarsesongen er i gong, og vi ønskjer velkomne til eit historisk tilbakeblikk på turismen i gamle Sunnfjord. Mary Ann Menes frå Norsk Reiselivsmuseum tek oss med på ei reise gjennom reiseruter, overnattingsstader og kjøpesterke gjester frå 1800-talet.
Biletet er teke frå Dalsfjorden mot dampskipskaia i Dale. Dale Hotel, seinare Dale Gjestgiveri til høgre. Eigar av bilete: Oldborg Haugland
Sommarsesongen er i gong, og vi ønskjer mange tilreisande og besøkande velkomne i tunet. Museumspedagog frå Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand, Mary Ann Menes, tek oss med på ei reise tilbake i tid gjennom historier om gamle overnattingsstader, reiseruter og kjøpesterke gjester som reiste til Sunnfjord. Kva søkte dei tidlege turistane som reiste til Sunnfjord, og kva tilbod møtte dei? Vi ser på korleis reisehandbøker frå 1880-talet presenterte området, og kva lokale næringar som vaks fram kring turismen.
Mary Ann Menes er museumspedagog på Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand.
Programmet er i samarbeid med Musea i Sogn og Fjordane.
Billett på Ticketco og i døra.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.
Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.