Palestina før Israel // føredrag i Løa

Kva er bakgrunnen for den pågåande Israel-Palestina-konflikten? Kva kan historia lære oss for å forstå dei grusomme hendingane betre? Sundag 26. oktober kjem Midtausten-historikar Magnus Halsnes til oss i Sandesenteret. Magnus vil fortelje og forklare opphavet til det moderne Midtausten, med hovudfokus på perioden fram til etableringa av Israel i 1948.

26. oktober, 17:00 – 18:00

Føredraget vil ta føre seg opphavet og skapinga av det moderne Midtausten, med utgangspunkt i Palestina og det britiske Palestina-mandatet, og leggje vekt på perioden frå første verdskrig og fram til etableringa av staten Israel i 1948. Føredraget vil difor forsøkje å gje eit innblikk i ein viktig periode der grunnsteinane og fundamentet for den seinare konflikten blei lagt.

Magnus Halsnes er Midtausten-historikar frå Dale i Sunnfjord. Han har budd fleire periodar i Midtausten og skriv på ein doktorgrad om grenseutvikling, kartbruk og statsbygging i ørkenområda mellom Jordan, Syria, Irak og Saudi-Arabia etter første verdskrig. Magnus jobbar i dag som forskingsrådgjevar ved Universitetet i Bergen.

Billettar i Ticketco og i døra. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

16. september 16:00 – 17:00

Redaksjonsmøtet

Ungdomsredaksjonen møtast for å jobbe med det vi vil lage etter Teaterfestivalen i Fjaler.

19. september 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

25. september 10:00 – 16:00

Utdeling av Samlagsprisen og seminar

Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug! Øyehaug får prisen for heile forfattarskapen sin og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.