Markering av Nikka Vonen sin fødedag

Bli med på ei lita markering av fødedagen til føregangskvinne og skulepioneer Nikka Vonen med miniføredrag om danning, høgtlesing og varm sjokolade.

14. november, 17:00

Nikka Vonen (Nicoline Marie Vonen) vart fødd i Dale 14. november 1836.

Nikka Vonen dreiv jenteskule på Steia i Fjaler i 36 år (1871-1907), skreiv ned folkeminne og folkeskildringar og har blitt skildra som ein hjartedannar. Medan skulen var i drift vart bursdagen hennar årleg markert med hattefestar på Steia Gard. Då fekk gjerne gutar frå bygda komme til Steia for å danse med jentene på internatskulen. Det er oppretta ei eige venelag for Nikka Vonen. Saman med Sandesenteret ønskjer venelaget å føre vidare tradisjonen med å markere fødedagen til Nikka. I år er det også 190 år sidan Nikka vart fødd. 

Vi samlast i Grønnestuen på Steia Gard klokka 17 laurdag 14. november. 

Program:

Innleiande miniføredrag ved Kari Heier Nistad om danning før og no. 

Høgtlesing ved Hjørdis Åsnes. Det første stykket på prent frå Nikka Vonen var «En Husmandsfamilie» i tidsskriftet Folkevennen i 1865. Hjørdis Åsnes les teksten høgt for oss.

Inngang kr. 50,- som inkluderer varm sjokolade og småkjeks. 

Du kan også kjøpe hefter om Nikka Vonen skrive av Greta Hekneby, gitt ut av Fjaler sogelag. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

7. november 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Laurdagsopen bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset.

7. november 12:00

Manuslesing av Liminal

Paula Ramos er i residens i Sandesenteret. Laurdag les Paula, i samarbeid med fleire, høgt frå eit manus til eit teaterstykke ho har arbeidd med under opphaldet.

9. november 19:00

Kvinna – ein Jakob Sande-diktkonsert

«Kvinna» markerer opninga på Jakob Sande-minifestival som finn stad i Nynorskens hus, Nynorsk bokhandel og Bikuben på Det Norske Teatret 9.-10. november 2026. Arrangørar er Jakob Sande - senter for forteljekunst, Venner av Det Norske Teatret, Den Mangfaldig Scenen, BUL, Vikværingen og Samlagsrota.