Jakob Sande vart fødd i Bestefarstaua 1. desember 1906. I dag rommar huset ei museumssamling og utstilling.
I eine delen av huset finn du museumssamlinga, med nokre av Jakob Sande sine gjenstandar og mange fotografi frå livet hans. I den andre delen av huset finn du ei utstilling kuratert etter årets tema i Jakob Sande - senter for forteljekunst.
I sommarsesongen er huset ope kvar dag, unnateke måndagar, elles i året er huset ope etter avtale.
Inngong kr. 50,-
Du kan også tinge omvising i Jakob Sandes fotspor, der eit besøk i Bestefarstaua er inkludert.