Nye vegar i Sande si dikting? Ein samtale mellom Ove Eide og Ingvild Bræin

Samlaget har trykt opp eit nytt opplag av Ove Eide sin biografi om Jakob Sande. Dette markerer vi med ein samtale om Jakob Sande, forteljekunsten og dei ulike vegane til Sande si dikting.

9. august, 15:00

Ove Eide er forfattar, lektor og bokredaktør og ga i 2006 ut biografien om Jakob Sande. Ove Eide har vore aktiv deltakande i mange Sandeseminar, heldt føredrag og støtta arbeidet ved Jakob Sande - senter for forteljekunst i ei årrekke. 

Ingvild Bræin er kulturjournalist, litteratur- og teaterkritikar, forfattar og forlagskonsulent.

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.