Samlytting og sjølvportrett // Maria Drangeid i residens fortel

Maria Drangeid er i residens i Jakob Sande-senteret. Bli med når ho inviterer på onsdagslunsj i Løa med samlytting og forteljing.

27. august, 11:30 – 12:30

Teaterregissør Maria Drangeid inviterer til ein lunsjsamtale for å snakke om arbeidet med Selvportrett, ei framsyning basert på den franske forfatteren Édouard Levé si bok med same navn. Levés skriftlige sjølvportrett skildrar ikkje forfattarens livsløp som i ein tradisjonell biografi, men består av ei oppramsing av opplysningar om han sjølv. Banale observasjonar, minner, preferansar, påstandar, innrømmingar, erklæringer og tankar om seg sjølv målast fram i korte, presise setningar. Men for kvart svar ein får, blir spørsmålet stilt igjen: Kven er eg?

Maria Drangeid er utdanna nordist og teaterregissør. No er ho i residens i Jakob Sande-senteret og inviterer bygda på arrangement i Løa under opphaldet. 

Inngong kr. 100,- som inkluderer vegetarlunsj og hemmeleg kake. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

16. september 16:00 – 17:00

Redaksjonsmøtet

Ungdomsredaksjonen møtast for å jobbe med det vi vil lage etter Teaterfestivalen i Fjaler.

19. september 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

25. september 10:00 – 16:00

Utdeling av Samlagsprisen og seminar

Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug! Øyehaug får prisen for heile forfattarskapen sin og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.