Som opning av sommarsesongen og årets forteljekunstakademi vil ordførar i Fjaler, Leif Jarle Espedal, fortelje ved Nikka Vonens minnestøtte og Jakob Sandes æresstøtte.
Jakob Sandes æresstøtte og Nikka Vonens minnestøtte.
Arven etter Jakob Sande og Nikka Vonen er av stor betydning for Fjaler kommune. Ein kan dra klare linjer mellom Nikkas pensjonatskule for jenter i 1869-1907, den sterke skulehistoria i kommunen og dagens internasjonale United World College i Flekke. Sandesenteret byggjer verksemda si på arven etter Jakob Sande og arbeider for å løfte fram eit mangfald av nye stemmer, inspirert av diktinga hans og kulturmiljøet rundt både Jakob og Nikka. Kulturmiljøa etter dei to er framleis levande og kan gje rom for både danning og utvikling.
På veg frå Nikka til Jakob.
Kl. 13: Ord ved Nikka Vonens minnestøtte
Vandring til Jakob Sandes æresstøtte
kl. 13.20: Ord ved Jakob Sandes æresstøtte ved ordførar Leif Jarle Espedal
Ope for alle. Før opninga er det kurs i verselesing med Idun og Rolf Losnegård på Steia Gard. Etter ord ved støttene kan du bli med vidare i akademiprogrammet.
Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.
Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.
Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.