Korleis lese saman i skulen?

Under Sandeseminaret kan du lære om metoden samlesing - shared reading. Denne økta er relevant for alle som jobbar med leselyst, og særleg retta mot lærarar eller deg som jobbar med sosialt arbeid.

3. april, 13:00 – 14:30

Under Sandeseminaret 2025 vil høgskulelektor ved Nynorsksenteret og leseleiar Guro Kristin Gjøsdal modellere og fortelje om metoden samlesing - shared reading. 

Samlesing er ein lesemetode der ein leseleiar leier ein reflekterande og undrande samtale om leseopplevinga. Deltakarane stiller uførebudde og målet er å oppleve og undre seg over teksten saman. I samlesing legg ein vekt på frie, nyfikne og direkte opplevinga av litteratur. 

Metoden er godt eigna til å skape leselyst for både born, ungdommar og vaksne, og er eit leikent alternativ til tradisjonell litteraturanalyse og lesevurdering. Forsking på og erfaring med samlesing syner at metoden kan bidra til lærelyst og uthald.

Gjøsdal skriv om samlesing: "I LK20 er lærelyst ein del av vurderingsforskrifta. Elevar som har lærelyst, er gjerne meir uthaldande i læringsarbeidet enn elevar som manglar lærelyst. Forsking på og erfaring med samlesing meiner å kunne bidra til lærelyst og uthald. Å vere uthaldande gir over tid betre læringsresultat og ei oppleving av meistring. LK20 legg også vekt på korleis barn og unge kan kome til ei djupare forståing av seg og omverda gjennom metodar som gir glede og ei kjensle av tid og rom. Lesemetoden samlesing eignar seg innanfor område i vurdering for lærelyst og meistring, og som metode til bruk i skule- og miljøutvikling."

Økta er er ein del av Sandeseminaret 2025. Du er velkomen til å melde deg på ved å sende e-post til forteljesenteret@jakobsande.no. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

15. juli 10:00 – 14:00

Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

16. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

17. juli 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.