Opning av forteljeløype for born i Jakob Sande-tunet

Tysdag 1. juli opnar våre sommarvertar ei forteljeløype, ein natursti, for born i Jakob Sande-tunet.

1. juli, 11:00 – 16:00

Forteljeløype for born – jakta på løysingsordet!

Oppgåve: Gå frå post til post i Jakob Sande-tunet. Les teksten, svar på spørsmålet – og ta vare på ein bokstav frå svaret. Når du har vore ved alle postane, skal du bruke bokstavane du har samla til å finne fram til eit ord på ni bokstavar. 

Om du finn ordet kan du hente ein premie i Gamle skulehuset. 

Forteljeløypa opnar klokka 11. Oppmøte i Gamle skulehuset. 

Det er ope for alle og gratis å kome. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

16. september 16:00 – 17:00

Redaksjonsmøtet

Ungdomsredaksjonen møtast for å jobbe med det vi vil lage etter Teaterfestivalen i Fjaler.

19. september 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

25. september 10:00 – 16:00

Utdeling av Samlagsprisen og seminar

Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug! Øyehaug får prisen for heile forfattarskapen sin og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.