Treng du ein stad til dåpsfeiring, konfirmasjon, bryllaup, minnestund, eit møte eller ein fest? Då kan du leige Løa. Sidan 2011, då Løa vart ferdig renovert, har vi leigd ut Løa med gode attendemeldingar frå små og store arrangement. Låven har berre plankeveggar og passar best i sommarhalvåret, men nede i floren er det alltid godt og varmt, med plass til omlag 60 gjester.
Aldersgrensa for leige er 25 år. Du kan velje om du ønskjer vask og opprydding inkludert. Vi har dekketøy til 100 personar og lydutstyr til utleige.
Ta gjerne kontakt med arenaansvarleg for meir informasjon om huset og prisar.
Tlf. 995 48 767 Epost: tunet@jakobsande.no