Telavåg vart råka av statsterrorisme under andre verdskrig, men historia er framleis lite kjend. I forteljinga Krigens fargar gir Vivian Midttveit liv til dei personlege forteljingane frå hemnaksjonen i 1942. Møt henne i Løa under årets siste sommarsalong under Fest i Fjaler.
Telavåg, eit lite fiskevær fire mil vest for Bergen, var ein ynda stad for den illegale englandsfarten under andre verdskrig. I 1942 fekk tyskarane nyss i kva som gjekk føre seg der ute, og under ei ransaking i eit hus der to norske agentar oppheldt seg, vart to tyske offiserar drepne i ei skotveksling. Som hemn skulle bygda utslettast, alt vart jamna med jorda. Heile folket vart kollektivt tatt til fange og straffa, alle familiar skilde. Mange av menneska mista livet, absolutt alle mista det livet dei kjende. Det telavågsfolket vart utsett for, vert definert som statsterrorisme. Like fullt er ikkje historia svært kjent.
Vivian Midttveit er sjølv frå Telavåg. Ho undra seg over kvifor ho ikkje hadde vore meir engasjert heimstaden si unike historie då ho vaks opp. Ho kom fram til at dei nære, personlege historiene hadde vore sjeldne. I boka Krigens fargar, levande historier frå hemnaksjonen på Telavåg har ho samla enkelthistorier, dei små private augneblinka, og skrive dei ut som levande scenar. Alle historiene er basert på sanne opplevingar, men meir enn eit historisk prosjekt er dette altså eit kunstnarisk prosjekt, bygd på historiske hendingar.
Sjølv om historia til Telavåg i seg sjølv er unik, er ikkje bodskapa i historiene det. Dei er allmenne. Dei treffer noko allment menneskeleg og strekker seg difor langt utover dei som har interesse for krigen generelt eller krigshendingane i Telavåg spesielt.
Møt Vivian i Løa denne sundagen under Fest i Fjaler og lytt til hennar forteljing om Krigens fargar - levande historier frå hemnaksjonen på Telavåg.
Dette er årets siste sommarsalong.
Stad: Løa i Klokkargarden
Billett: I døra og på Ticketco.
Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.
Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.
Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.