Møt Katrine Sele i samtale med Teresa Grøtan om hennar nyaste bok, Menn som nesten elska meg. I denne ærlege og sårbare memoarforteljinga skildrar Sele sju år med dating, forelskingar, kjærleikssorger og forsøka på å komme nær eit anna menneske utan å miste seg sjølv.
Katrine Sele (f. 1972) er ein prisvinnande forfattar med sju bøker bak seg. Ho er oppvaksen i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore. Til dagleg jobbar ho ved Høgskulen på Vestlandet og bur i Jølster i Sunnfjord. Sele er tildelt Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar, Samlagsprisen og Språkrådets språkpris for framifrå bruk av nynorsk i sakprosa.
Menn som nesten elska meg er ei personleg forteljing om kjærleikens utfordringar, og ei handsrekking til alle som leiter etter nærleik og meining i livet.
Då forfattar Katrine Sele skilde seg midt i førtiåra, blei ho kasta ut i kaos – einsemd, økonomiske bekymringar og frykta for å ikkje strekke til som mor. Men snart tok lengten etter kjærleik over. Ho begynte å leite etter ein kjærast, noko som viste seg å vere både komplisert og uføreseieleg. I denne ærlege og sårbare memoaren skildrar ho sju år med dating, forelskingar og kjærleikssorger og forsøka på å kome nær eit anna menneske utan å miste seg sjølv. Ho reflekterer over kva kjærleik og sex eigentleg betyr, og korleis ein kan kome seg gjennom hjartesorg – med hjelp frå både eigne erfaringar og litteratur.
Du møter Sele i samtale med Teresa Grøtan under Fest i Fjaler.
Teresa Grøtan (f. 1974) er festivalsjef for Bergen internasjonale litteraturfestival. Ho har bakgrunn som journalist og forfattar, og har ein Master of Arts frå University of KwaZulu-Natal i Sør-Afrika. Grøtan har gitt ut fleire bøker, sist Før øya synker (2018). Ho leia sakprosafestivalen og samtaleserien Verden i Bergen, var redaktør for Syn og Segn og grunnla magasinet Global Knowledge. I 2013 fekk ho Blixprisen for bøkene sine for barn og unge.
Programposten er i samarbeid med Samlagsrota.
Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.
Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.
Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.