Ammer frå Sunnfjord // Kristine Ness fortel

På 1700- og 1800-talet reiste fleire kvinner frå Sunnfjord til Bergen for å tene som ammer for velståande familiar. Kva fekk gifte koner til å forlate eigne barn, og korleis reagerte samfunnet? Dette har Kristine Ness ved Sunnfjord Museum forska på, med utgangspunkt i livet til husmannskona Marte Movik. Onsdag 30. juli kl. 18 held ho føredrag om temaet i Løa i Sandesenteret, der det òg vert høve til samtale etterpå.

30. juli, 18:00 – 19:00

Adresse-Contoiret 9. april 1845: "For en Amme (helst fra Landet) med sund Melk er Condition at erholde til ultimo Juli. Anviisning hvor, erfares ved Gjordemoder Madam Elisabeth Hansen paa Stølen". Samme sted og dag: "Foe en halvvoxen Pige er strax Tjeneste ledig hos Fyrværker Moes Enke paa Stølen". Foto: UiB

På 1700- og 1800-talet var det ikkje uvanleg at kvinner tente som ammer for rike familiar sine barn. Dette har Kristine Ness, som er konservator på Sunnfjord Museum, forska på. Ho har gått inn på kvifor gifte koner reiste frå mann og barn for å ta arbeid i Bergen, og korleis samfunnet rundt dei oppfatta det. Ness har tatt utgongspunkt i livet til Marte Movik, som levde på husmannsplassen i Movika. Ness held føredrag om Marte Movik og andre sunnfjord-ammer i Løa i Sandesenteret 30. juli kl.18. 

Etter føredraget vert det høve til å stille spørsmål eller fortelje til Kristine.

Foto: Henning A. Hellebust / Musea i Sogn og Fjordane

Kristine Ness er konservator/arenaleiar Tinghuset i Musea i Sogn og Fjordane. 

Billett i Ticketco eller i døra. 

Programmet er i samarbeid med Musea i Sogn og Fjordane.

Kalender

Kva skjer hos oss?

16. september 16:00 – 17:00

Redaksjonsmøtet

Ungdomsredaksjonen møtast for å jobbe med det vi vil lage etter Teaterfestivalen i Fjaler.

19. september 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

25. september 10:00 – 16:00

Utdeling av Samlagsprisen og seminar

Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug! Øyehaug får prisen for heile forfattarskapen sin og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.