19. november - 20. november, 16:00 – 14:00

Førde: Skriveverkstad for nye stemmer

Vil du møte andre som skriv og utvikle di stemme på norsk? Har du forteljingar eller erfaringar å dele, men treng råd og inspirasjon for å finne ei litterær stemme i det norske språket? Bli med på gratis skriveverkstad for deltakarar som ikkje har norsk som morsmål.

20. november, 20:00

Berre syng – korpub i Løa!

Dette er kvelden der songglade menneske møtest og syng saman, uansett nivå og erfaring!

21. november, 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

28. november, 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Laurdagsope i bokhandelen, krambua og kafeen i det gamle skulehuset.

1. desember, 17:00

Forteljestund med Rolf Magne: Kokosbananas og juletyven

Ta med borna på forteljestund med Fjalers eigne forteljekunstnar Rolf Magne G. Andersen!

1. desember, 17:00

Jakob Sande 120 år

1. desember markerer vi at det er 120 år sidan diktaren Jakob Sande vart fødd.

1. desember, 19:00

"Forteljingane vi kjenner oss att i" – Talkshow med Finn Tokvam og Ingrid Nedrebø

Det blir anekdotar, musikk, Sande-allsong og utdrag framsyninga «Velkomen» når Finn Tokvam og Ingrid Nedrebø kjem til Løa 1. desember, som også markerer 120-årsdagen til Jakob Sande.

1. desember, 20:30

Konsert med Synneva Gjelland og band i Løa

Synneva Gjelland syng dikt av Halldis Moren Vesaas. Synneva Gjelland med band legg meining bak kvar tone, og saman har dei ein energi og formidlingsevne som kan treffe publikum midt i magen. Med folkemusikken i botnen er låtane litt som å kome heim til noko kjend, utan at ein veit heilt kva som kjem rundt neste sving. Dei vil ut med musikken og tekstane, med speleglede og eit ynskje om å fortelje fleire om Halldis Moren Vesaas og hennar sterke dikting.

5. desember, 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

12. desember, 11:00 – 14:00

Juleope i skulehuset

Juleope i skulehuset med sal av eigne produkt, litteratur og open kafé. Velkomen!

19. desember, 11:00 – 14:00

Juleope i skulehuset

Juleope i skulehuset med sal av eigne produkt, litteratur og open kafé. Velkomen!

20. desember, 17:00 – 18:00

Julekonsert i Løa

Bli med på ein stemningsfull førjulskveld når Sigrid Felde, Mats Systaddal og Ingrid Nedrebø inviterer til julekonsert i Løa. Med eit variert program som inkluderer kjende og kjære julesongar, nyare favorittar og eigne komposisjonar, blir det ei varm og musikalsk førjulsoppleving.

20. desember, 19:00 – 20:00

Julekonsert i Løa

Bli med på ein stemningsfull førjulskveld når Sigrid Felde, Mats Systaddal og Ingrid Nedrebø inviterer til julekonsert i Løa. Med eit variert program som inkluderer kjende og kjære julesongar, nyare favorittar og eigne komposisjonar, blir det ei varm og musikalsk førjulsoppleving.