Den fyrste diktsamlinga til Jakob Sande kom ut i 1929 og fekk namnet Svarte næter.
Det fyrste diktet i samlinga heiter Gråver.
GRÅVER
Gråskodda tung seg sveiper,
sleip og kald og rå.
Det driver so smått og muskar,
frå skoddeheimen grå.
Høna sit og sturer,
syrgjeleg vesal og våt,
og hanen er låk i halsen sin,
og fær ikkje til ein låt.
Snigelen kryp over vegen,
rund og blank og fin,
og regnmakken ligg i ein sølepytt,
so hål og feit at han skin.
Katten lyfter på labben,
når fram han på tunet går.
Han likar seg ille i skoddehy,
gamle gråkatten vår.
Og geita ber seg so ille,
der utanfor stovevegg.
Det silar og renn frå ragget,
det dryp frå det lange skjegg.
Den store gamle bjørka,
står der so still og stur.
I toppen kurer reit kråkepar,
som oppe på greina bur.
Dei sit so stilt og drøymer,
um sol og himmel klår,
og skjeglar so smått til katten,
som fram over tunet går. --
Skodde utover Dalsfjorden.
Eit anna dikt frå same samling er varsel:
VARSEL
Når hunden ved midnattsbel uler og gøyr,
og ikkje tek ro eller rist,
då ligg det einkvan burti bygda og døyr,
som ikkje fær sålast i Krist.
Og høgt uppi Tusseto flogbratte nut,
sit still på ei stupande ufs,
ein hubro og messar sitt håse «ber ut»!
til avgrunns med glymgjande glufs.
Men tagnar umsider dei iskalde gnell,
og nåstilla søv over jord,
då sigler det stilt over måneblå fjell,
ein skugge som kverv imot nord.
Jakob Sande gav i alt ut ni diktsamlingar. Den siste Det kveldar på Kobbeskjer kom i 1961.