Maria Lavik kjem til Fjaler og til Jakob Sande-senteret. Maria Lavik er forfattaren bak boka "Odelsskam", som er ei varm og sterk forteljing om å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar. Møt ho i samtale med Fjaler-ordførar Leif Jarle Espedal, som sjølv har tatt valet om å føre slektsgarden vidare.
Meir om boka:
«I femten generasjonar før meg har mine forfedrar lempa stein og slite med jorda slik at dei som kom etter, skulle få eit betre liv. Skal det ta slutt med meg? For eg bur i byen og har bygd meg eit godt liv der.»
I boka Odelsskam skildrar odelsjenta Maria Lavik oppveksten på eit småbruk på Vestlandet. Ho veks opp med sauesanking, store avstandar, bokbuss annankvar torsdag og historier om ei livskraftig og motkulturell slekt. Men alt som sekstenåring flyttar ho ut. Burde ho koma tilbake?
Odelsskam skildrar ein gard, ein plass og ein tilstand som held på å gleppa mellom hendene på forfattaren. Boka skildrar den evige reisa som mange utflyttarar er på, i stadig rørsle mellom bygda og byen, mellom «heim» og heim.
Samanvoven med hennar historie er den særnorske, over tusen år gamle odelsretten. Lova som koplar jorda og slekta saman til ein nesten heilag symbiose. Odelsskam er ei nær og rørande historie om tradisjonar og endring.
Boka får du kjøpt i Gamle skulehuset. Under boksamtalen kan du sikre deg ein signatur.
Samtalen startar kl. 19 nede i Løa.
Billettar i Ticketco:
https://senterforforteljekunst.ticketco.events/no/nb/e/boksamtale_odelsskam
Medlem i Jakob Sande - selskapet: 100,-
Ikkje medlem i Jakob Sande - selskapet: 130,-
Student/honnør: 60,
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.
Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.